onsdag 28. juli 2010

Vakre Hjørundfjord

Tysdag tok vi ferga frå Sæbø kl 08.45 i eit nydelig vèr og Hjørundfjorden viste seg frå si vakraste side.
Det klassiske bilete av Lekneset og Hustadneset, alltid like flott.

Utover fjorden mot Trandal, Standal...og innover fjorden mot Skår.
Oddvar kom susande med Hjørundfjord (båten)

Lekneset
Tipp om eg skal kjøpe meg solskjerm til kameraet, mange flotte bilete vart øydelagt av mangelen på ein slik. Eg prøvar å halde handa over for som ei erstatning, men det funkar ikkje alltid like bra...

Innover i fjorden. Stenes.
Ser du båten? -Nei? Røyken er frå ein nystarta båtmotor, men båter er skjult av speilet i bølga. 
Tykte det vart eit kult bilete, men kvaliteten vert sjølvsagt sterk forringa av refleksen i bilete.
Båten som ikkje viste i forrige bilete ser du her.

Innerst i fjorden, Øye.
Dei tre siste bileta er tatt frå bilen i fart så det var ikkje så lett å halde styr på refleksane her heller, ja ja...
Uansett vakre bilete av Hjørundfjorden, trass i refleksane ;o)



5 kommentarer:

  1. god morgen til deg.
    såå nydelige naturbilder,for en plass ,skulle gjerne ha tatt en tur dit med en gang,
    ønsker deg mange gode sommerdager,
    klem fra sylvia

    SvarSlett
  2. Vakre bilder!Å for et flott sted!
    Ha ein fin sommer videre! Klem,,

    SvarSlett
  3. Ej sei berre ein ting Tonje....DRØMMEDAG....

    Klem frå Hadeland:-))

    SvarSlett
  4. Så flott..
    Og lurt med ein slik tur i det flotte været :-)

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder, nesten som jeg kjente både sola som varmet og sjølukten...deilig!

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett