tirsdag 18. januar 2011

Tittei

Då var det vel påtide å kome i gong igjenn etter ei svært lang og uplanlagt bloggpause.
Godt nytt år forresten.
Korleis går det med nyttårsforsetta? 
He he... Klok av skade har eg svært få og særs realistiske mål for 2011 (tjue-elleve) 
Vi skal ete av maten vi allereide har kjøpt
Frysaren er stappfull og sida eg ikkje har plana, eller plass, til å kjøpe ein ny må vi no begynne å ete maten frå "safen". Ellers har eg matskap og skuffe fulle av ymse mjøl og div tørrvarer som også skal forsvinne i løpet av året.
Trene!
Ja, det er eit realistisk mål! Etter at eg kjøpte medlemskap på Tren i haust har eg trena nesten kvar veke.
Hittil i år har eg ikkje komt i gong med spinninga, men zumba derimot... Oyeah! Himmel så kjekt! Skal i morgon (i dag) og gledar meg. 

Eg har ymse ting eg har sydd hengande så eg ynskjer å selje. 
Kanskje du kan vere interessert eller kjenner nokon? 
Klikk på bileta om du vil sjå nærare på dei.

Raude ruter
 Framme                                                                  Bak

Detalj framme.                                  Detalj bake.           
Kjole i litt kraftig mønstervevd bomullsstoff, kvit kant nede. Armane er gjenbruk frå ei sjorte. Armane er dermed så lange som eg hadde stoff til. Ca 3/4. 
Kr 400,- + frakt.

Grøn somarlukke


Kjole i lett bomull med trykt mønster. Korte armar i lille martine.
Str 3 år. Kr 350,- + frakt

Rosa overraskelse
Seld!
Veske til å hive over skuldra med god plass.
Frammeside                                Svart bakside med hjerte-detalj

 Framside

Den rosa overraskelsen...
 Ei knallrosa velour-lomme på innsida.
 Kr 350,- + frakt

Rosa jordbær

Kjole/tunika i mønstra fleece og knallrosa mjuk velour.
Kjolen har lange ballongarmar som posar seg framme. Kan derfor starte som kjole og ende som tunika.
Denne har eg i to str, 2 år og 4 år. Kr 350,- + frakt.

Frisk i farta
Same modell som Rosa overraskelse, berre litt større.

 Framme                                                           Einsfarga bakside med rund detalj
 Turkis lomme på innsida og magnetknapplukning.
Kr 350,- + pluss

Skriv under eller send meg ein e-post dersom du er interessert.
tonjerem@gmail.com

7 kommentarer:

  1. Å så mye flott du har laget! Søte kjoler og kjempelekre vesker:)
    Ja nyttårsforsetter ... man har jo noen, men blir de innfridd? Jeg har i alle fall begynt på zumba jeg og. Kjempegøy!
    Ønsker deg ei fin uke videre:D

    SvarSlett
  2. hei.
    så masse fint du vise oss, skal si du er flink,
    ha en flott dag.
    klem fra sylvia

    SvarSlett
  3. Så mye fint, likte så godt den røde hjertekjolen! Bare synd det er litt lite å shoppe for nå i januar...
    Koselig at du er "tilbake".
    Ha en flott uke!

    SvarSlett
  4. Den svarte veska der Tonje - den er MI!!!

    Eg kjem oppover til Ørsta neste veke. Reknar med at du er over "eidet" ein tur i løpet av veka. Kanskje vi kunne møtast på Amfi ein av dagane for overagelse så slepp vi frakta:-)))

    Send meg mobilnummeret ditt på Facebook så tek eg kontakt med deg når eg er kommt oppover. Skal vere der frå mandag til fredag:-))

    Janne Tove:-))

    SvarSlett
  5. Kor kjekt å sjå dej tilbake etter ei velfortent pause :)

    SvarSlett
  6. Hei Tonje.
    Godt nytt år ja he he.
    Forsetter.....den med fryseren kjenner jeg igjen. Mannen i huset er fæl til å handler middag hver dag.(vi bor ikke langt unna matbutikken) MEN nå har jeg bestemt at vi må spise ut av fryseren også. Det er det å huske å ta opp maten kvelden i forvegen som er litt vanskelig å huske. Tror jeg skal sette opp ukesplan for middag.
    Så flink du er som har kommet igang med treningen. Jeg liker best å gå turer med hundenen. Trener på en måte når jeg holder på på verkstedet også. Mye løft og bøy og tøy he he.
    Nydelige kjoler. Fine farger. Så flink du er!!!
    Toppers uke videre
    Klem Randi

    SvarSlett
  7. Hei på deg :)
    Og godt nyttår :)

    Ja, jeg fant jo inspirasjon i skjerfet jeg fikk av deg :) Var en nydelig farge, som jeg liker kjempe godt :)

    Så mye fint du har laget da :)

    Ha en nydelig helg :)
    Klem Tina

    SvarSlett