mandag 7. februar 2011

Maple blueberry muffins uten

... blåbær, men med eple.
Etter at Sølve hadde våre på ski i dag hadde vi lyst på noko ekstra godt til kvelds. Sander er fortsatt sjuk og matlysta er fråværande så eg tenkte at goode muffins måtte vere tingen.


Canadiske lønnesirupsmuffins med blåbær er fantastisk godt, men vi var tome fro blåbær i frysaren så då prøvde eg meg med eple i staden. Funka heilt supert.

Vi er ofte vande med at muffins skal ha glasur på toppen, men desse skal ikkje ha det. Strøsselet skal haast på før steikning så dei er heilt ferdige når dei kjem ut. Mange ungar rynkar på nasa når dei ser alle desse muffinsa i alle moglege valørar, men desse er heilt naturlege og ungane elskar dei.


Maple blueberry muffins
Måla er i amerikanske koppemål.

Lag strøsselet først
1/4 kopp brunt sukker
1 ss smelta smør
2 ss hakka mandlar
1 ts kanel
Eg brukar det våte brune sukkeret til Dansukker.
Bland sammen alt og sett til side til "tørking"

2 koppar mjøl
1/4 kopp sukker
1 ts bakepulver
1/2 ts salt
1 egg
1/2 kopp Maple sirup
1/2 kopp melk
1/4 kopp smelta smør
1 kopp blåbær, ferske eller utina frosne
eller i mitt tilfelle eple i bitar.

Bland det tørre i en bolle og bland godt. Bland det våte i ein anna bolle.
Tilsett det tørre i det våte, gjerne i to omgongar.
Elt forsiktig inn bæra til slutt.

Fyll opp i muffinsformer og strø over strøsselen du laga først.
Steikast på 190 grader i 20-25 min.

 Oppskrifta fann eg på nettet frå Canadian Living

Trass i særs gode muffisn gjekk Sander til køys uten mat, men med feber...
Håper på ein betre dag i morgon med meir matlyst.

5 kommentarer:

  1. Mmmm, de så kjempegode ut.

    God bedring i heimen, og flott tirsdag til deg, klem ann helen.

    SvarSlett
  2. Hvis de smaker like godt som de ser ut, så skulle jeg gjerne kommet og smakt!
    God bedring til gutten:)

    SvarSlett
  3. mmmm blåbærmuffins er noe av det beste som finnes. Takk for oppskriften!

    Klem fra meg

    SvarSlett
  4. Åh de så nydelig ut. Jeg skal lagre oppskriften.
    Og så boblekreativ du er. Lager masse fint. Mye inspirasjon her ja. Kommer igjen!!! men nå natta. Puh lange dager for tiden. Bra det blir lysere dager framover.
    God natt fra meg
    Randi

    SvarSlett
  5. Dei muffinsane ser helt fantastiske ut! Sitter og tenker på at eg har ei boks med frosne blåbær i frysaren... sel dei maple sirup i nærheita skal tru... God helg!

    SvarSlett