I forrige veke, nærare bestemt 17. mars, vart eg ett år eldre enn dagen før, nemmelig 35 år. Eit halvveigs rundt år og ei ny avkryssingsboks i ymse spørreundersøkingar der du skal krysse av for alder... Eg kan altså ikkje krysse av i boksa 20-34, men må bruke den neste....35-50...Nåjess...
Men, i høve min halvrunde dag bevilga eg meg ei skikkelig gåve, noko eg har ønska meg leeenge.
Ny symaskin!
Så fiiiin!!
Eg har ein tendens til å "go large" når eg først bryr meg så valet datt på ei Husqvarna Sapphire 875 Quilt
Eg har ikkje fått testa så mykje enda, for eg konkluderte kjapt at eg måtte sette meg ned å lese bruksanvisninga for denne er ein smule avansert. Uansett, I love it!
Det er fleire som har gebursdag i mars og gutane skal i fleire selskap, to denne helga.
Eg likar å gi gåver, ikkje pengar. Det er litt for upersonlig for meg, sjøl om eg veit at det er det dei fleste ønskar seg, inkludert mine eigne gutar...
"Heimelga" likar eg aller best. Snart har heile venegjengen handkle med namnet sitt på

. Denne helga er det Andreas og Johan sin tur.
Personlig og praktisk.