tirsdag 10. mai 2011

Inspirert

Det vart desverre dårleg med bilettakinga mi då vi var i konfirmasjon (nei, eg veit ikkje kva eg tenkte på...), men her er det beste bilete eg fann av guten i bunaden.

Nydelige gutane mine ♥
Eg tok utgongspunkt i ei vestmønster i boka Festdrakter, men det einaste som er att av orginalmønstra er ermholene som forøvrig er for store og sidesaumane, altså kraftig modifisert til å likne ein Hjørundfjordbunad. Nikkersen er mønster frå Festdrakter forstørra til ca 10 år, merkelig mønster... Måtte til å fikse litt på den også for at den skulle verte fin.
Tusen takk til Caty og Svigermor for god hjelp! 
Guten var ihvertfall strålande nøgd " Åååå, ej gleda mej sånn til i mårgå når ej skal få ha på mej bunaden min" var det siste han sa før han gjekk å la seg.
Skal ta fleire bilete på 17. mai å legge ut. Lova :)

På veg heim frå jobb stakk eg innom Stoffsenteret for å kjøpe denne boka.
Made by me
Sybloggernes beste oppskrifter.

Etter å kjapt ha blada gjennom boka konkluderte eg med at den var verdt dei 299 kr eg betalte for den, bra! Trur faktisk eg kjem til å nytte nokre av mønstrene i boka. I tillegg er det veldig kjekt berre å sjå og blade, mange nye idèar poppar opp i hovudet og det igjenn skapar nye idèar så snart renn det vel over... he he ;) Vel, eg vart ihvertfall så inspirert at eg heiv meg rundt og tok bilete av ein kjole eg har hatt hengande ei lita stund. Og mulig eg fullfører eit par andre prosjekt eg har liggande...
 Klikk på bileta dersom du vil inspisere litt meir :)
 Søt sommarkjole med lommer.

Kjolen er sydd i bomullsateng frå Åhlens, armar og lommer er vanlig bomull.
Ein liten gimmick er tilhøyrande hårstrekk.
 Bilete tatt ute for å få litt meir dagslysfargar på bileta. 
Trur fargane på desse er rettare enn dei som er tekne inne.

Litt usikker på om eg skal legge denne ut i Epla-butikken min eller om den skal vere Nilsbuda-exclusive. I morgon er det møte på Nilsbuda så då spørs det om eg kjem heim full av energi og inspirasjon til å lage noko kjekt. 
Nilsbuda opnar 28. mai!

1 kommentar:

  1. Tullebøtte og du ja som glemte å ta bilder hi hi hi. Du har jo vært så flink. Det jeg ser av vesten. Og kjolene er så søte.
    Tenkte på deg her om dagen da jeg så et nydelig hus med DEN fine sorte døra. Dobbel til og med. Du følger meg, men jeg kom ikke inn på bloggen via bildet ditt og jeg kom ikke på bloggadressen. Skal se om jeg finner igjen bildet så får du overbevist mannen he he.
    Fine gutter du har ja.
    Kos deg med mai du skjønne milde.
    Randi

    SvarSlett