Sjølv om vi kan trenge det er det, faktisk, ikkje ull-undertøy som er inn, men nytt teppe. No er golvteppa i ull attende! Vi har ikkje hatt golvteppe på stova på fleire år, til Bonden si lukke og mi...tja -veit ikkje heilt. Trass i protestar har eg no endelig fått på plass eit nytt teppe, i ull.
Beige melert med ei stoor stjerne.
Me like a lot!
Golvteppe i ull er tynne, lette å handtere og ikkje minst, engle å halde reine.
Bordet er kome på plass. Fargen på teppe passar utmerket til ullputene eg sydde tidligare i år.
Tilfeldig...neppe
Måtte rydde hylla under bordet for å i det heile teke greie å flytte det åleine, alt som samlar seg... Mine eldre interiørblad og Bonden sine bondeblad gjekk i båset med har hand ( eg likar ikkje å kaste blad) Nokon har eg likavel att, dei frå 2011...
I tillegg har eg mi nyaste kokebok lett tilgjengelig. A piece of cake av Leila Lindholm.
Ei av oppskriftene eg festa meg ved som eg tenkte eg ville prøve var Franske Madeleinekaker.
Litt artig at Cathrine kom og fortalte at ho hadde akkurat laga slike kaker.
Madeleinekaker skal egentlig lagast i madeleine former, eit brett med mange skjellforma kakeformer, men sida eg ikkje har slike former tenkte eg at dette måtte vere ei ypperlig anledning til å bruke dei gamle flotte sandkakeformene mine.
Eg har dei i fleire ulike former, kjempefine!
Det sto i oppskrifta at formene måtte smørast og strøast, Eg brukte formfeitt og semulegryn og konkluderte med at semulegryn var ikkje nødvendig...
Eg laga dobbel porsjon og det var rikelig nok til kaffien til fire voksne og eit par born. Ein porsjon hadde likavel ikkje våre nok....
Enkle og kjemegode kaker som absolutt skal lagast igjenn.
Neste gong vil eg prøve oppskrifta til Andreas Viestad, den skal ha mykje sitron i seg :)
Hei :)
SvarSlettNydelig teppe, og fine puter. :)
Flotte kakeformer også.
Har ikke sett så mange forskjellige fasonger av disse gamle kakeformene før. ;)
Ønsker deg en fin dag. :)
Det ble kjempefint. Deilig med varmt under beina. Snart høst nå så godt med teppe he he he.
SvarSlettSkal prøve de kakene til Andreas V jeg også. Har sittet å sett på programmet hans som går på bbc lifstyle. Flink kar.
Disse kakene kan sikkert ligge tørr i en boks på benken?
Will try.
Hvordan går det med den sorte ytterdøra?
Hei hopp
Randi
For eit vakkert teppe!!
SvarSlett