lørdag 30. juli 2011

Red Velvet Cake

Etter å ha lest på ymse amerikanske mat- og bakesider har eg forstått at Red Velvet Cake er ein stor ting "over there", naturleg nok måtte det prøvast. Oppskrifta fann eg på ei side eg likar godt, Joy of Baking.

Skal seiast at eg først prøvde meg på muffinsvarianten og den forsvann som dugg for solen utan krem eller noko anna glasur og ungane bestilte straks meir.

Red Velvet Cake
Enkelt oversett til norsk med amerikanske mål.

2 1/2 cups (250 gram) sikta mjøl
1/2 ts salt
2 ss (15 gram) kakao
1/2 cup (113 gram) romtemperert smør
1 1/2 cup (300 gram) sukker
2 store egg
1 ts pure vanilla extract
1 cup (240 ml) buttermilk
2 ss raud konditorfarge
1 ts kvit eddik
1 ts baking soda


I staden for buttermilk brukar eg lys blå surmelk.
I staden for baking soda kan du bruke natron, men då litt meir enn oppskrifta sei.

Det fins desverre ikkje noko god erstatning for vanilje ekstrakt, men vanilsjesukker får vel halde... 

Då flaskene i pakken med fargar kun var på ei ss brukte eg berre ei, litt lite...
Du kan kjøpe no-taste-red pastafarge på Cacas, men bruk då ikkje to ss då desse fargane er svært konsentrerte!

Forvarm omnen 175 grader og lag klar to 24 cm former

Sikt mjøl, kakao, salt i ein liten bolle evt vaniljesukker, sett til side.

Pisk smør og sukker kvitt og luftig, tillsett egg, eit om gongen. Rør godt mellom kvart egg.
Skrap ned kantane og ha i vanilje ekstrakt rør godt.

Bland konditorfargen i melka.
Sett miksaren på lav hastigheit og ha i mjøl og melkeblandinga vekselvis i tre omgongar, start og slutt med mjølet.

Bland eddik og natron i ein liten kopp. La blandinga bruse og deretter arbeide det raskt inn i røra.

Arbeide raskt, del røra jevnt mellom to 24 cm former og glatt ut toppane med baksida av ei skje. 
Steikast i 25-30 min. Avkjøl på rist. 

I følge oppskrifta skal kakene pakkast i plast og settast i kjøleskapet i mint ein time, gjerne over natta. 
Det vert då lettare å dele og fylle kakene.



Fyll

1 pk Philadelphiaost
1 pk Maskaporneost
1 pk kremfløte
1 cup melis
1 ts vanilje ekstrakt

Bland alt og pisk til nydelig god krem.

Del kvar kake i to og fyll til ei kake med fire lag og masse god krem!

Enjoy!

1 kommentar:

  1. å jøyje meg, den så bare så digg ut! Flink du er til å bake :) Får kanskje teste den ut.

    SvarSlett