tirsdag 9. august 2011

Dette må vere verdas beste heimelaga kjeks

Original Nestlè Toll House chocolate chip cookies.
Då Jodi kom på besøk her ein dag slengte ho ein slik pakke på benken...
...gåve til meg, juhuu!
På baksida står oppskrift på to typar kjeks. Eg laga den orginale oppskrifta. 
Nokon som hugsar episoda i Friends der Phoebe leitar etter bestemors gode gamle chocolate chip cookie oppskrift og Monica bakar og bakar, det er denne ho leita etter, og med god grunn spør du meg!

Original Nestlè Toll House chocolate chip cookies
Amerikanske mål

2 1/4 cup mjøl
1 ts baking soda evt 1 1/4 ts natron 
1 ts salt
226 gr smør som har stått på benken ei stund
3/4 cup sukker
3/4 cup brunt sukker, ikkje demera, men sånn klisjete.
1 ts vanilje ekstrakt evt vaniljesukker
2 store egg, eller medium slik som eg brukte...
2 cup Nestlè Toll House semi-sweet, dvs ei heil pakke, 340 gr
Evt 1 cup nøtter, dei utelot eg.

Oppskrifta sei at det vert ca 5 dusin kjeks altså 60 stk og det stemmer faktisk på ein prikk.

Eg brukar dette super-søte koppemål settet frå Rice. 
Settet har amerikanske mål, 1 kopp, 1/2 kopp og 1/4 kopp

Ha kvitt sukker, brunt sukker, vanilje ekstrakt og smør i miksaren og miks det lenge, ihvertfall 6 min til det vert  luftig og kremete. Tillsett eit egg om gongen, miks ca 1 min mellom kvar gong så det vert godt blanda. Hugs å skrape ned sidene med ein slikkepott inn i mellom.
 Bland alt det tørre, utenom sjokoladen, og ha det i i to omgongar.
Når alt er godt blanda, ha i sjokoladen til slutt.
 Bruk ei spiseskjeid og legg på 12 små toppar på eit brett

Steikast på ca 190 grader.
Det første brettet tok 10 min meda dei fire neste brukte knappe 8 min.
 Dei skal vere akkurat ei aning gyllen i kantane, då er dei ferdige. Pass på å ikkje steike dei forlenge, då flyt dei ut og vert flate og harde.

 La dei stå på brette i eit par minutt før du forsiktig legg dei over på ei rist til avkjøling.
 Oppbevarast i zip-lock posar i frysaren, då held dei seg mjuke og gooode!
Tinar på 2 min, kjekt å ha på lur om nokon kjem innom :)
 Til amerikanske cookies passar det godt med amerikansk kaffi også ;)
 
 Ein god kopp Starbucks kaffi og nylaga kjeks var min og Bonden sin kvedskos på ein heilt vanlig mandag.

4 kommentarer:

  1. Heisann Tonje:)
    Måtte inn og sjekke oppskriften til verdens beste kjeks...har akkurat begynt en periode med testbaking på kjeks og er ute etter nettopp verdens beste oppskrift:) Så nå skal det testes.Det dumme er at jeg ikke har cups...kan du gi meg et ca mål i litermål/desiliter tror du????
    Og så mens jeg tittet rundt her inne på den koslige bloggen din ser jeg at du har 3 symaskiner...hildrande du!!!Her aner jeg et sytalent :)
    en herlig tirsdag til deg:)
    toveklem:)

    SvarSlett
  2. Mmm..de der så farlig gode ut. Tror ikke jeg skal prøve meg på den oppskrifta nå etter all den gode maten og drikka ila. ferien. Men kanskje til jul?
    Ei flott uke til deg:D

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Kunne du gitt oppskriften i dl? Vanskelig å vite hvor stor en cup er liksom når jeg skal lage det hjemme ;)

    SvarSlett