mandag 29. august 2011

Mobilveske -Custom made

Mamma måtte, til si store fortviling, ha ny mobil. Ikkje fordi den slutta å virke, men fordi telefonsystemet på jobb vart skifta ut. Ho har faktisk att same mobilen i 5 år! Ein heilt vanlig Nokia uten touch og apps som i beste fall tek dårlige bilete har no måtte vike plass for ein HTC Desire Z med det meste ho sannsynligvis aldri vil bruke ... ;) Til den gamle mobilen hadde ho ei mobilveske ho brukte flittig, den vart altfor lita til den nye mobilen og som den gode dottera eg er laga eg ei ny...eller to...

Eg brukte den gamle monilveska som utgangspunkt og forstørra litt her og der slik at den skulle passe til HTC`en. 
Til kvardagsbruk.
Med krokalisse og ein gamal glasknapp kjøpt på loppemarknad til pynt.
Festast med carabinkrok i hempa.

Litt meir fancy 
Mamma visste ingenting då eg slengte desse på bordet og jett om ho vart glad!

Ein anna kollega har også fått seg ny HTC Desire Z. 
I dag oppdaga eg at han hadde mobilen i lomma, det passa seg ikkje...
Han er ein Aafk supportar av dei sjeldne og i morgon får han denne, skikkelig custom made.
Reknar med han vert svært nøgd.
På innsida av flippen har eg brodert namnet hans.

2 kommentarer:

  1. Du er så utrolig flink - og jeg blir imponert gang på gang!!!
    Ps. Jeg har iphone........

    KLEM! <3

    SvarSlett
  2. Selger du slike? Vil gjerne bestille en til jul, om mulig? Pris?

    SvarSlett