tirsdag 16. august 2011

Ruffle-kake

I går hadde Bonden bursdag, men forma tillot ikkje at det vart kake i går. Etter nesten ei veke med sjukdom kara eg meg endelig avgarde til lege og fekk påvist både lungebetendelse og ørebetendelse så no håpa eg at etter ein hestekur med penecilin vil at bli så meget bedre... 

Dermed vart det kake i dag. Eg har lenge hatt lyst å prøve å lage ei ruffle-kake, dei er så tøffe! Oppskrift på dagens kake fann eg hos Passion 4 baking, 
 Det er vel dei færraste av oss som har to like store kakeformer så eg brukte engongs aluminiumspaiformer frå Euroshopper kjøpt på Rimi.
Wipped Vanilla Bean Frosting er noko nydelig klisj! 
Vurderte litt vedr denne kremen då eg så vannbad å styr, men styr var det på ingen måte. Superlett!
Kremen er ganske tjukk så det var litt tungt å sprøyte den ut med ein så liten tipp, petal tip nr 103, men så kult det vart! Vel verdt det, eg er superfornøgd med resultatet! ...på første forsøk ;)
På toppen brukte eg ein stor tipp 2d.

Det vart ein ganske stor porsjon så når kaka var ferdig sprøyta eg resten på eit bakepair og skal prøve meg på a la pikekyss. Det har eg aldri laga før, men trur det funka. Det får vise seg i morgon ;)

Eggeplommene som vart til overs, 14 stk då eine egget var "tvilling", piska eg lett, sette ei boks på vekta, vegde dei, 240 gr og putta boksa i frysaren.

I bursdagsgåve, i tillegg til ski som han måtte få på forskot, fekk Bonden noko eg har ønska meg lenge...
Ein Pinell Supersound II
Passa like supert som sounden i vinduskarmen på kjøkenet og begge er særs nøgde :)

Dårlig med ferske bringebær i butikkane om dagen, og eg orka ikkje å gå ut å plukke, så då vart det jorbær som tilbehør. 
NAM sei berre eg....

2 kommentarer:

  1. Hei søta ;)
    Du er bare kjempeflink, flott kake ღ
    Denne må jeg prøve en gang. Kan tenke
    meg at den ble satt pris på ღ
    Gratulerer med dagen til din kjære som
    var i går, og så må du hilse så masse :)
    Håper formen din er bedre, du fikk det
    alt du ;) Plei deg selv og hils alle ღ
    Klem fra Mette

    SvarSlett
  2. Gurliland så hærlig innlegg!!! Fikk veldig lyst å øve litt på frosting her jeg sitter, så her blir det nok muffinsbaking i ermeste fremtid. Takk for insoirasjonen!

    SvarSlett