fredag 26. august 2011

Smell the roses

I høve Alva sin 1-årsdag fekk eg spørsmål om å lage ei kake, fritt val. Då ein 1-åring ikkje har store krava fell tanken raskt vekk ifrå Barbie, Prinsesse og andre figurar i tillegg har eg aldri laga kake i kvit marsipan og det hadde eg veldig lyst til -Og slik vart d.
Søte rosa sommarfuglar som luktar på rosene.
 Kvitt og rosa med pærleskimmer.
Veldig kjekt å kunne lage litt søtt og rosa, gutane her i huset er nemmelig ikkje så keen på det...

"Problemet" med kvit marsipan kontra vanlig er at den ikkje tørkar og vert stiv på same måte slik at pynt laga i kvit marsipan, som til dømes sommarfuglane, vert flate og har lett for å myste forma si og rosene vert mjuke og vanskelig å få fine. Tipset er CMC, eit pulver som ein knar inn i masripanen, kan kjøpast på kakeboksen.no. Pynten stivnar raskt og held seg fin lenge!

Eg vart kjemenøgd med resultatet og det vart heldigvis dei som skulle ha den òg. 

Tusen takk til Annike og Ellen 


Cupcake-kurset med Passion 4 Baking på laurdag vart desverre avlyst grunna for få påmeldte så i morgon kjøyrer eg under fjorden til Ulsteinvik for å delta på kurs der. 
Gledar meg veldig og kameraet skal sjølvsagt vere med :)

3 kommentarer:

  1. Nydelig kake :D

    Har heller ikke hatt suksess med rosa kaker her, bare gutter her også ;)

    Kos deg i Ulsteinvik, kunne tenkt meg en tur "hjem"og skulle ønske det var bare en svipp-tur :D

    Ha en flott helg :D

    SvarSlett
  2. Så utrulig flott kake. Du er virkelig flink! Og eg ser du lagar masse godt elles. Eg bråbremsar om eg kjører forbi huset ditt ein dag og bankar på kjøkkenvinduet i håp om ei smaksprøve. Glis:)

    SvarSlett