onsdag 4. januar 2012

Kleenex-etui

Heisann, og godt nytt år!
Eg surfa litt rundt på Pinterest slik eg ofte gjer og fann ei som hadde laga slike. Sida det er høg sesong for forkjøling og influensa ville eg og prøve å lage slike. Ikkje at det er noko spesielt med dei eigentleg, men alt er gjort i ramma på broderimaskina, ingen ekstra sying!
 Problemet var at broderiet måtte lagast først, for så vidt ein enkel sak, men litt greit at maskina ikkje syr over glidelåsen så litt måling og pirk er det. Ser at den kan med fordel vere litt kortare og det passar glidelåsane mine betre også så det passa bra, må berre justere litt.

Mamma har heve seg på trenden og ligg rett ut så eg tenkte ho kunne få denne.

Veldig kjekke å lage så desse vert det definitivt fleire av!

4 kommentarer:

  1. Kjempefin, kan eg bestille ein? Praktisk med glidelås i, det har eg ikkje sett før. Vil gjerne ha i romantisk stoff, om du har noko:)

    SvarSlett
  2. Kjempefin å ha i veska og så kan du sleppe "knitringa" i plasten når du treng å vere litt diskre:-))

    SvarSlett
  3. Tusen takk gode ord :)
    Kjem ikkje heilt fram av bilete, men etuet er er vattert og fora. Akkurat dette er fora med lin då det var det eg hadde for handa. 100 kr?

    SvarSlett
  4. Berre å sette i gang Tonje, trur du veit ka ej lika:)

    SvarSlett