torsdag 23. februar 2012

Rysjekjole

Pinterest er ein fantastisk inspirasjonkanal og timane flyg fort når eg sett meg ned og "pinnar". 
Det er SÅ GØY og masse masse fantastisk inspirasjon i alle kategoriar. 

Eg kom over eit bilete av ein kjempesøt kjole som eg berre måtte prøve å sy og her er resultatet
 Litt jobb, men eg må sei meg særs nøgd med resultatet.
 Lukning med knapp bake, ellers synest eg det var nok "styr" framme så kjolen er heilt enkel bak.
 Håper denne vil glede ein lykkelig fireåring i sommar og dersom du vil gjere din fireåring eller ein fireåring du kjenner lykkelig kan du kjøpe denne for 450 kr.

Eg deltek på VÅRMESSE på Mork Grendahus 25. mars

2 kommentarer:

  1. Flott kjole! Du er flink med søm. Likte den enkle lukkinga bak.

    SvarSlett
  2. Stilig kjole!! Har en lignende i voksenstørrelse en eller annen plass, arvet av tante.. De er skikkelig fine på ;o)

    SvarSlett