onsdag 19. september 2012

Messeproduksjon

Syr for harde livet! Har så mykje eg har lyst å få sydd opp før haust/julemessene startar for alvor. Etter sommarens Nilsbud er eg nesten tom for det meste så eg må berre stå på. Kjekt da! :)

Bandana skjerf/smekke fora med fleece til dei minste
 Tenker at dei passar frå  6-8 mnd og oppover. Jenta er str 3-4 år
Den stripete fleecen er baksida på bilane og blå paisley.

Til dei litt større, eller ikkje...
Deilig fleecefora hals i jersey/interlock.  Denne passa til "alle". 
Tredde den nedover hovudet til Bonden, han kunne nok ønska den en tanke større, men funka. Til gutane på 10 og 11 passa den perfekt, også til ein på 3 som fekk ein i gåve. 
Søtaste modellen er knapt 1,5 år, kanskje litt stor til han, men men

Helikopterbuksa er forøvrig også laga av meg ;)

Første haustmessa går av stabelen søndag 30. september på Mork skule/grendahus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar