fredag 28. desember 2012

Silhouette Cameo

Eg har hatt så lyst på ein Silhouette Cameo og rett før jul tok eg mot til meg og kjøpte ein i førjulsgåve til meg sjøl fordi eg er så kjekk og grei... ;) Vel, eg har ikkje angra eit sekund! Eg kan (nesten) lage alt mellom himmel og jord med den....,men kva??? Ja, alt mulig ...fortsatt, kva? Men slike uendelige muligheiter mista eg litt fotfestet og vart brått tom for idèar...nesten.

Eg øva meg først litt på papir, men i dag var det tid for å prøve å merke dei nye hanskane som gutane fekk til jul. Dei forsvinn oftast som dugg for solen, men merka slik håpar eg dei skal vare litt lenger.
 Skikkelig fornøgd med resultatet og måtte sjølvsagt prøve litt til.

Handballtrening, Hip-Hop trening, fotballtrening, kampar og x-antal gymtimar pr veke er det eit under at denne baggen fortsatt er i hus. No er den ihvertfall godt merka og guten var strålandes fornøgd!
Laga i ein reflekst eg kjøpte på Ebay for lenge sida.

Fortsatt God Jul

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar