søndag 26. januar 2014

Ut på tur

Årets første overnattingstur på hytta på Rognestøylen. Fantastisk med så lite snø! Vi kan kjøyre heilt inn på setra og ingen rasfare.

Eg drog inn tidlig på dag for å starte fyringa. Satt inne fullt påkledd med opa dør og full fyr i omnen. Etter vel ein time slutta eg å puste frostrøyk inne...he he. Vel verdt det for når vi kom innover på kvelden var det fortsatt grei temperatur inne i hytta og fort gjort å få det godt og varmt.

Ut på kvelden tok eg med meg Sander ut for å sjå på stjernene og ta bilder.

Det endte ganske gøy! Sander nekta å gi seg og sprang og sprang. Å leike seg med laaaang lukkartid er SÅ gøy!
Mammsen måtte vere med å springe litt også...puh...

Først skøytetur på tjønna

Alle på same bilde!?! Utrulig!
Seinare, spasertur fram til Storevatnet

Isfiskarane målte isen til ca 15 cm og hadde målt Lisjevatnet til 13-15 cm i går. Det var mykje lyd i isen på begge vatna, det betyr at den veks. Det kan vi like.

Og meda vi venta på sommaren

Skøytetur på Lisjevatnet. Fantastisk svart klar is, nesten som at den ikkje er der... Nydelig å gå på!

Med så lite snø blir det heilt klart mange daga på skøyter denne vinteren!

1 kommentar: