Halleluja! I fjor delte og flytta eg den store bambusen min. Det har den nok ikkje likt, for stammane som var ca 2 meter høge dauda alle saman. Det var kun to små små stilkar som var grøne i vår. Eg håpa og håpa.... Og her ser du den, ein ny frisk grøn stamme, ca 50 cm høg!
No håpar eg berre det kjem maaange fleire!
Dei grøne blada du ser er ein nydelig Klematis som eg fekk med Cathrine i bursdagsgåve i fjor. Den heiter Summer Snow og blomstra i fjor med små lysegrøn kvite blomstrar. Les på nettet at den kan bli ganske stor så eg er veldig spent på blomstringa i år.
Vi prisar sommaren og grilla til middag (kvelds...)
Forskjellige grillspyd med kylling, pølser, grillmør og speka hjortemår. Grilla meiskolbe, tomatsalat med pesto og Feta og grønsalat med currydressing. Nydelig!
Sander såg på det eg hadde laga til å spurte: Er det kosedagen i dag mamma? Nei, svara eg, den er i morgon. Åh, kor deilig svara han, då gledar eg meg til i morgon også!
Gutane søv forøvrig i ute i telt for tredje natta på rad...
Tøffingane mine... Då er det straks på tide å finne senga :o)
Flott at bambussen kom seg igjen, og den maten så herlig ut.
SvarSlettPS. SOMMERUTLODNING HOS MEG
hA EN STRÅLENDE DAG
Sjå der, ja. Alt som ikkje e stole og brent kjem tilbake!!
SvarSlettGjeld vel egentlig for ting og tang, -men koffer ikkje for bambusen?
Den delen ej fekk med dej e full av kraftige skot, -fekk go'delen ej ;)
Tusen takk, nok ein gong for den herlege overraskinga på formiddagen i dag!!!!
Hehe nei det blir umulig folksomt her fremover:)
SvarSlettStelle pent med den ja..jeg har ikke vanna den nesten på 1 år og jeg har tenkt at ok dere får bare stå her så får vi se...derfor fikk jeg sjokk da jeg så blomstrene på den ene og mange skudd på den andre...Jøssenavn, så jeg tok dem inn i stuen og varmen igjen:)
Så bra at den kommer igjen!! Grillmaten så nydelig ut!!
SvarSlettHar faktisk ikke grillet enda, til tross for strålende vær;)