søndag 23. oktober 2011

Bilete frå Paris

I samband med jobb måtte eg ein tur til Paris på Maison & Objet and Outdoor-messe, ei kjempestor gåve og interiørmesse. Mykje fantastisk flott å sjå, men desverre ingen bilder derifrå då det er forbode å ta bilete inne på messa.

I høve tok eg nokre feriedagar for å kunne nyte turen litt ekstra, og som eg trudde, i likheit med Rivieraen, Paris er fantastisk! 

Den første dagen gjekk vi oss rett på ein marknad, stappa full av dei flottaste ferskvarene ein kan tenke seg. Bodene låg tett i tett på begge sider, kor langt det var veit eg ikkje, men det var laaaangt!
 Sjekk dei tomatane og reddikane og arparegesane og og.... NAM!
 Eit breitt sortiment av det meste, heilt nydelig
Der var også ein stor fiskedel, men den tok eg ikkje bilete av.

Hotellet vi budde på låg i Rue Madame rett ved den flotte parken Jardin de Luxembourg, nært Metroen og eit flott utgangspunkt for å sjå byen. Metro-systemet i Paris er heilt supert og kjempelett og finne fram i. På toget frå flyplassen fann eg eit (brukt) metrokart, forøvrig på spansk, men med det og eit bykart tok vi oss akkurat dit vi ville, kjapt, billig og enkelt.

Vi gjekk forbi ei veldig artig kontorbygning som låg vegg i vegg med ei utstilling/kunstbygning.

 Utrulig stilig! 
Husfreda veks vilt og frodig på veggen og eg som ikkje får den til på kjøkkenet ein gong...

 Eiffeltårnet var som forventa, høgt og masse kø. 

Bilete frå andre etasje og oppover.
Dei små lysa vert tent i ca 5 min kvar heile time på kveldstid, det var skikkelig flott å sjå.
Inn i mellom blinkar dei og då ser heile tårnet ut som eit gigantisk stjerneskot.

Utsikt frå toppen må vel seiast å ver upåklagelig. 
Eg overraska meg sjølv med at det var heilt greit, faktisk ganske fasinerande å sjå rett ned... 
 Meg og Jodi på toppen.

Etter Eiffeltårnet tok vi ein avslappande båttur på Seinen og gjekk av ved Louvre for vårt neste stopp, vinsmaking på ÔChateau.
Vi smakte på ein champagne og fem vinar, to kvite og tre raude. 
 Ein høgst engasjerande foredragshaldar, ei heilt spesiell atmosfære og god god vin. 
 Då vi var iferd med å avrunde kom kokken og presanterte dagens middag for dei som evt ynskte å ete der etterpå. Det gjorde vi og sida det var berre oss to spurte eg dei som satt att (halvparten hadde allerede gått) om dei kunne tenke seg å ete saman med oss, og det kunne dei :)
 Tony og Linda frå USA, Jodi, meg, Dan og Mina frå Sverige og Rhonda frå USA

 Dei hadde ikkje stort nok bord i baren så vi var så heldige å få eit eige vinsmakingsrom for oss sjølve. Eg kan faktisk ikkje beskrive kor kjekt dette var, heilt fantastisk! Dan tok ansvaret for vinbestillinga, middagen var nydelig og praten gjekk i ett sett. Ca 4 timar middag med totalt ukjende er den kjekkaste opplevinga eg har hatt på lange tider. Og etter så masse god vin har eg for alvor fått smaken på vin, endelig.... 

Kvar laurdag og søndag er det loppemarknad, frå 7-13...
Vi tok metroen til Porte de Vanves, ca 3 min å gå derifrå. Trur gata heitte Av. Marc Sangnier med litt utspring her og der. Vi kom dit litt før 9 og då var det fortsatt nokre som holdt på å pakke opp. Tett i tett med alt mulig rart, frå knappar til Prada-sko



Hattepynt, kakeformer og anna kjøkkenutstyr. 

 Kniplingar, blonder, band, dukar osv
 Og eg kjøpte ingenting...ikkje ein knapp ein gong.... 

Triumfbuen måtte eg også få med meg.
 Trappegangen til toppen er ganske kul. Den har møteplass fordi den er så smal.
 På toppen bles det litt, sjøl om det var ein litt grå dag var det godt med ein liten bris.

Utsikt mot Montmatre og Sacrè Coeur.
Dit drog vi forøvrig ein kveld. Nydelig utsikt over Paris by night (derfor ingen bilder derifrå)
I dei smale gatene bak Sacrè Coeur er det små søte butikkar og mange koselige restaurantar.

Frå Triumfbuen, Eiffeltårnet og Champs-Èlysèe.

 Vi gjekk også omkring på øyene som ligg midt i Seinen, Ile de la Citè og Ile Saint-Louis.
Kjempekoselige små gater!
På ei av bruene der, hugsa ikkje kva for ei, var rekkverket fullt av hengelåsar med kjærleiserklæringar

Det var mitt lille bilderas frå Paris.

5 kommentarer:

  1. Hei Tonje :)
    Kjempegøy å se bilder fra Paris-turen din :)
    ... en absolutt herlig og fantastisk by som
    jeg gjerne skulle vært igjen :) Og de flotte
    loppemarkedene de har ikke minst! Guriland
    her tror jeg hadde gått amok :)) Kjempekjekt
    at du ville være med på min giveaway også ღ
    Tiden har gått veldig fort siden jeg startet
    ja, men har ikke angret et sekund, dette er
    morro :) Hvis du vil ha flere lodd, så bare
    legg igjen en kommentar til du, så ordner
    jeg det :) Håper dere alle ellers har det
    bare fint, du må i alle fall hilse så masse ღ
    Nydelig vær her i dag, og vindstille - nesten
    som en vakker vårdag ღ herlig.... Rune har
    skiftet dekk på bilden, vi har gått tur i det
    fine været og nå skal vi ta å rydde litt på
    terrassen før vinteren kommer :) Ønsker deg
    en fortsatt fin søndag, stor klem fra Mette :)

    SvarSlett
  2. Å for ein flott tur du har hatt - trur eg må til den byen ein gang eg og:-))

    jannetove

    SvarSlett
  3. No vart eg reisesjuk! Paris ser fantastisk ut :) utrulig at du ikkje gikk amok på loppemarkedet... men eg har sjølv problem med å handle når det vert for mykje å sjå på. Eg har vore i Paris ein gong når eg var på interrail, men eg vart sjuk og såg mest veggane på eit ganske dårlig hotellrom :) gikk nok glipp av mykje den gongen ser eg. Ha ei fin haustveke!

    SvarSlett
  4. Så utrolig mange fine bilder - og så koselig reisebrev!! Paris er helt fantastisk! Kan godt tenke meg tilbake dit ja!
    Stor og god klem!!

    SvarSlett
  5. Dette var en flott reportasje fra Paris! Ikke så lenge siden jeg har vært der. Synes det er et topp reisemål med spennende ting å se på over alt!! Vil gjerne tilbake...

    SvarSlett