Eg har sydd nokre slike prøve-hjerter.
Eg har vist eit anna tidligare, men det var uten namn. No har eg sjekka SSB å funne ut kva som var dei mest brukte namna i fjor å laga nokre ut i frå det. Det bør kanskje ha litt større kontrastar om "beskjeden" skal funke...
Til eldstemann hadde eg eit hjerte i blå plast med teksten "RØR MEG IKKE!" som hang på vogna. Trur ikkje eg har sett slike på mange år.
Ikkje heilt nøgd med saumen på dette, men det var ein test...
Tenkte kanskje eg kunne lage om nokon hadde lyst på eit slikt, mot eit lite vederlag...
Nokon som har forslag til kva som kan vere ein høveleg pris? Kva ville du betalt?
Eg har sydd litt til.
Beklaga dårlige bilder, men dei er tekne uten blits (med vilje) og då greier eg ikkje alltid å halde kameraet like stilt.
Heklenål-etui.
Eg brukte ei vattert dekkebrikke frå Princess, nydelig stoff, pluss litt satengband og ein knapp.

Lommene vart litt høge, men det gjer ingenting.
Det var fort gjort og eg vart super-nøgd!
Då er det vel på tide å begynne å pakke. Eg og Bonden skal på helgatur og gutane skal overnatte litt her og litt der...ei natt med Besta/Besten og ei natt med Mormor/Morfar, sånn berre for å gjere det enkelt ;o)
Sjølvsagt dukkar det opp ekstra ting når vi har planlagt ein tur. Slalomkurs på fredag og handballturnering på laurdag. Gutane vil sjølvsagt ikkje gå glipp av noko, så her må vi pakke for alle anledningar ;o)
Litt tidleg, men ynskje likavel god helg!