mandag 5. april 2010

Hexagon-tøflene…

…vart eg godt nøgd med og resultatet ser du her. 
Det første paret hadde eg eigentleg tenkt til meg sjøl, men etter toving passa dei til Sander… Solen er grå. 
Eg har brukt Trysilgarn frå Europris og heklekrok nr 3,5. Tova i maskin på 40 ° og 1200 sentrifugering i lag med ein hadduk. 

Mr Grøn (les Sølve) vart då grøn av misunning så då var det berre å lage eit par til. Han fekk stripa sole. 
Eg hadde dei på gutane når dei var våte for å tilpasse rett str og høgre/venstre tøffel. 
Vil anta at dei kan strekkast opp til ca str 36, gutane brukar 32 og 34. 

Sida sist har to personar i familen hatt bursdag, eg den 17. mars og Sander 2. april. 
Det han håpa å få mest av alt var mobiltelefon. Då han først nemte dette for fleire å sida (at den og den hadde fått) gjekk eg runda og spurte kva andre foreldre meinte var høvelig alder, vi endte på ni år som då var leeeenge til. Ja ja, så var den her då, 9-års dagen. Den kom fort, alt for fort! Eg kjente at eg ikkje var heilt komfortabel med situasjonen, men eit løfte er eit løfte…
 Den må også sjekkast på skitur.
Den nydelige Mariusgensaren han fekk med Besta (og Besten) i bursdagsgåve er allereide godt brukt.

Har prøvd meg med blogging frå Word. Greit nok, men bileta følger ikkje med. Nokon som kan gi meg eit hint kvifor? Såg nemmelig at dei var mange muligheiter med bildeform og liknande som eg gjerne kan tenke meg å teste ut.
Take care!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar