onsdag 2. mars 2011

Ny veske

Eg er i full sving på syrommet, nærast kvar kveld sit eg og syr. Med Spotify og fleire maskiner i sving er eg i mitt ess! Det er ikkje alt eg har lyst å dele enno, men kan seie såpass at det er heilt nye produkt som eg har tiltenkt somarens Nilsbud. Mulig dei kjem for sal på EPLA-butikken min før det, men det har eg ikkje bestemt meg for enda. 

Denne veska legg eg ut for sal i EPLA-butikken min.
 Trass i iherdig lyssetting er det likavel altfor mørkt her til at eg vert fornøgd med fargegengivinga så eg måtte ty til blitzen...Skulle nok hatt den 50 mm linsa med blendar ned til 1,4...ønska meg!
 (Etter fotokurs hjå Fotograf Ma har vi lært at blitz er (litt) fy ;) he he )
 Det rosalilla stoffet er blanding av polyester, viskose, bomull og lin. 
Det svarte stoffet på utsida er microfiber. Foret er svart bomull.
Lomme på innsidag og magnetknapp-lukking
Veska er sydd på same lest som eg har sydd fleire av tidligare, diggar denne modellen! Denne er også one of a kind då det ikkje finnast meir stoff... Veska er romslig med god plass til ymse.
Dette bilete er teke utan blitz.
 Frå botnen i veska til toppen av hanken er den ca 67 cm. Sjølve veskerommet er ca 25x28 og bornen er ca 12 cm breid.

5 kommentarer:

  1. Diggar desse veskene eg og Tonje - har fått mykje skryt av den som eg no brukar kvar dag:-))

    Blir spennande å sjå kva nytt du har på gang

    jannetove

    SvarSlett
  2. Så lekker den var! Utrolig nydelig farge! Så kreativ du er:)

    SvarSlett
  3. Dette er helt toppers vesker.. Du er kjempedyktig! Har et par av desse modellene som er kjøpt på Kreta som jeg bruker mye. Men her får du "one of a kind" og det er supert...

    SvarSlett
  4. Fin veske! Og så er det så moro å sy og sy.. Særlig når resultatet blir så bra:o)

    SvarSlett
  5. Heia Tonje:)
    Flott blogg du har:)Gler mej til fortsettelsen:)Mvh.Gunnhild H:)

    SvarSlett