Sølve har i lang tid ynskt seg bunad, Hjørundfjord bunad, akkurat slik som han Pappa har.
I fjor fekk han låne ein Ørsta-bunad som passa akkurat på 17. mai
og eg lova at neste 17. mai skal du få ha din eigen bunad. Jedda...
Eg søkte litt rundt på nettet etter ymse barnebunadar og mønster og endte opp med å bestille boka Festdrakter for barn -sy og strikk av Tove Fevang.
Optimistisk bladde eg i boka for å sjå om der kunne vere eit passande mønster då eg oppdaga at mønstrene i boka går berre opp til 8 år! ARG! Det sto det ingenting om i nokon av beskrivelsane om boka på nettet... Skikkelig irriterande!
Anyhow, mønsteret til nikkersen er forstørra til ca 10 år og teikna av etter beste evne, i dag, knappe tre veker før vi skal i konfirmasjon.
Møntra til vesten har eg ikkje teikna enda då eg må legge saman fleire mønster, dele på to og legge til litt på frihand. Ja ja, det gjenstår å sjå kva det vert oppi.
Stoffet til bunaden vart kjøpt på Skår tekstil på onsdag.
Vi hadde lagt fram vesten til Pappa`n for at vi skulle ha den med for å plukke rett farge, men den låg sjølvsagt att heime i gangen. Sølve plukka sjølv ut blåfargen og den passa perfekt!
Strømpene har Besta strikka og har lege klar sidan lenge før jul og eg meinar Sølve nemde at ho er straks ferdig med hosebanda også. Så då er det visst berre opp til meg....
Dette kommer til å bli kjempefint! Så fin han var i bunaden. :) Lykke til med sømmen!
SvarSlettHar brukt samme boka til å sy vest til jr og andre. Fant ut at gutter ikke blir så mye breiere, de strekker seg mer i lengda, så æ økte mest i lengda fra armhulene og opp når æ skulle ha større str. Men du har rett, barnestr slutter som regel på 122/128, kanskje de ikke vet at barn blir eldre? Lykke til;-) klem
SvarSlettSå spennende og så flink du er. Gleder meg til å se resultatet.
SvarSlettØnsker deg en flott tirsdag, klem ann helen.