onsdag 3. august 2011

Smores og litt til...

Vi ferierar fortsatt og måndag heiv vi oss rundt å for inn på hytta på Rognestøylen. Vi rakk akkurat å kome oss heim i dag før regnet virkelig slo til...Skodda låg grauttjukk ned i fjella då vi kom inn og den kom lenger og lenger ned utover kvelden. Teperaturen var likavel ok og vi satt ute å grilla inntil myggen tok oss...trass i 5(!) store mygglys... Tysadag vakna vi opp til strålande sol, ENDELIG! Vi fann etterkvart ut at skodda faktisk var under oss... he he, men den letta etterkvart.

 På hytta har vi har ei slik god gamaldags jernsteikepanne 
 Då eg sto å steikte pannekaker til frokost brann eg meg litt på det varme handtaket, og fann ut at det måtte eg gjere noko med.
 Så eg hekla eit godt gamaldags handtak.
 Det kunne nok våre hekla kun i fastmaskar for å få det litt tettare, men halvstavane får duge.

Det vart så varmt at gutane ville  ned til Storevatnet å bade. Ha HA, det vatnet er ISKALDT

 Vel, det vart meir vassing enn bading så med gutane prøvde å dukke seg i det kalde vatnet to eg litt bilder.
 Denne låg i vatnet ved steinen eg sto. Ser ut som ein sel eller eit anna lite vassuhyre.
 Dette er eit av mine favorittmotiv, eg vert aldri lei av å ta bilete av dette, 
Storevatnet mot Bondalsbakken.

Dette skatollet har stått på foreldra mi si hytte så lenge eg kan hugse. No var det overfødig og i samråd med Svigermor fekk eg løyve til å sette det inn på hytta på Rognestøylen.
 Det passa perfekt der eg hadde tenkt å ha det og eg er så nøgd!
Møblane er raude hyttemøblar så d passa veldig godt å få inn litt blått. Litt ekstra oppbevaring er heller ikkje å forakte. Det husar no lys, t-lys og ungane sine spel, teikneblokker og fargeblyantar. 

På toppen ligg mine favoritt hytte-spel.
Maxi Yatzy og kort.

Då J hørte vi skulle på hytta sa ho at vi måtte lage Smores, det er synonymt med hytte/camping meinte ho. Ho heiv seg rundt og leitte innerst bakerst i eit kjøkkenskap og leita fram ein pakke Graham Crackers. Det er dei "rette" kjeksa og bruke til Smores så då måtte vi sjølvsagt prøve.
 Vi hadde ikkje varme steinar rundt bålet så det vart ei rist på omnen. Vi hadde berre frukt Marshmellows, dei grilla vi i omnen.
 Slik ser dei altså ut, Smoresane våra, veldig gode var dei også :)
 Og meda vi var i det amerikanske hjørnet, kakao med mini marshmellows, også ein ny ting for gutane.
Det skal vi ha meir av, mykje meir ;)


2 kommentarer:

  1. Heia Tonje.
    Så koselig innlegg. Nydelige bilder. Det av Storevatn ser ut som et maleri. Skatthollet er kjempefint. Jeg har arvet en vogge og en sånn kakedall av min morfar som er i akkurat samme blåfarge og med rosemaling. Norsk vakker historie.
    Herlig at dere koser dere på hytta.
    Sommer klem fra meg
    Randi

    SvarSlett
  2. smoresene og kakao med minimarsmelovs så utrolig godt ut:D herlige bilder du har lagt ut

    tusen takk for kjempe koselig kommentar i bloggen min:D

    ønsker deg en nydelig helg
    klem fra siri

    SvarSlett