lørdag 28. januar 2012

Kjeks og Franske Macarons

Estremt rastlaus etter ein og ein halv dag på sofaen og uten energi til fysisk utfolding var det bakemoduset som slo inn, men det måtte vere noko enkelt som meir eller mindre gjorde seg sjølv så då vart det Toll House chocolate chip cookies. Ifølge ungane er det dei beste kjeksa som fins!
Oppskrifta finn du her
Eg hadde ikkje nok Toll House-sjokolade så då blanda eg inn ein pakke Freia 70% linser og ei plate kokesjokolade som eg hakka opp. 
Tips: Når eg hakkar opp sjokolade er det berre bitane eg vil ha og ikkje smulane. Då brukar eg eit grovt dørslag og silar av smulane og oppbevarar dei i ei lita boks og brukar dei som kakepynt ved ei senare anledning.

Etter 55 kjeks og oppvask var eg fortsatt i bakemodus og tenkte at no skal eg jammen prøve det Mandelmjølet eg har hatt ståande i skapet leeeenge. Eg har laga Franske Macarons før med variabelt hell så no prøvde eg oppskrifta til Manuela i Passion 4 baking.  Oppskrift og framgongsmåte finn du her.
Eg delte røra i 3, 1 rosa, 1 grøn og 1 lilla del. Den lilla vart mislykka så den gløymer vi...
Den rosa delen fekk bringebærsmak og den grøne fekk jordbær/kiwismak.
Note to self: Mandelmjølet kan med fordel siktast for enda finare konsistens.
 Når eg skulle fryse eggeplommene fann eg ei lita boks med Lemon curd som eg hadde løyvt frå sist eg laga sitronpai. Eg synst i utgangspunktet at den var hakke for syrlig for paien, men til dette formålet var den perfekt!
He he, bomma litt på fokuset når eg tok bilde, så her et glimt av utsikta vår. Skog og fjell.

 Dei grøne fekk ganache-fyll

 NYDELIGE!
 Sprø utapå og mjuke inni og smaka himmelsk!
 Kan absolutt måle seg med Ladurèe i Paris, he he ;)

5 kommentarer:

  1. Ka tid ej skulle kome på besøk sa du?;)

    SvarSlett
  2. Nam... til alt :)
    Franske macroner har jeg ennå
    ikke prøvd meg på, ser i alle
    fall utrolig gode ut :) Synd
    vi bor så langt unna, for
    ellers har jeg kommet som en
    rakett på kaffi besøk til deg ;)
    Flotte bilder også... Ha en fin
    helg og hils alle så mye ღ Stor
    klem fra Mette

    SvarSlett
  3. Kan du ta med nåken hit til helga? Jonas he so lyst å smake seie han ;-)
    - Kris

    SvarSlett
  4. sååå lekkre disse makaronene dine ble !!! Jeg har prøvd meg jeg også for to år siden, de blei veldig gode , men så på langt nær så delikate ut som dine :)
    Da brukte jeg også oppskrifta til Manuela :)
    Kan tenke meg at dere har spist opp alle sammen allerede ;)

    Anita

    SvarSlett
  5. Ser helt herlig ut! Kan du legge ut oppskrifta? Og - hvor kjøper du smakene? Bringebærsmaken og kiwismaken? har vært i dagligvarebutikker, helsekost og apoteket, og ingen som har det..

    SvarSlett