lørdag 1. september 2012

Dalana ♥ Michael

I høve den store dagen til Dalana og Michael fekk eg førespurnad om å lage bryllaupskaka. 

Med så mange tilreisande frå andre delar av landet og Canada ønskte mora til bruda (nabo) at ho kunne fortelle at det meste var gjort lokalt her i dalen så då vart det bryllaupskake frå meg og, verdens beste, lefser frå Svigers. Brudeparet vart frakta med hest og kjerre frå kyrkja til hotellet. Hesteeigaren, Kristin Riise, stilte i Sunnmørsbunad med nydelig pynta kjerre, det var så flott at eg vart heilt mållaus og sjølvsagt hadde eg sprunge ut døra uten verken kamera eller mobil... 

Toppetasjen
Litt annaleis topp på bryllaupskake, uten brudepar...
 Detaljar frå kakene.
Brudeparet hadde ingen preferansar vedr utsjånad anna enn kvit og du rosa så eg fekk fritt spelerom. Kjekt!

 Under marsipanen er ei mørk sjokoladekake fylt med rørte- og ferske bringebær, egenkomponert sjokoladekrem og kvit vaniljesmørekrem med kvit sjokolade.
 Ferdig på stativ.
Av ein eller anna grunn ser toppen skjeiv ut, men det er den altså ikkje...
Eg synst kakene vart kjempefine og kjempefornøgd, 
håpar berre brudeparet vart like nøgde.

6 kommentarer:

  1. Du er helt fantastisk, Tonje!! Ufattelig fin!
    GOD savneklem

    SvarSlett
  2. Utrolig fin kake Tonje, du er så flink:)

    SvarSlett
  3. Hei Tonje

    Kjempe flotte kaker ! Du er råflink!
    Tek du på deg oppdrag til vanlig bursdagskake til ei jente på 9?
    Kunne du maila meg ved høve? ma@fotografma.no

    Klem fra ma

    SvarSlett
  4. Wow! Denne også! Her har du eit levebrød Tonje, det er eg sikker på:)

    SvarSlett
  5. Gleder meg til å spise denne snart!!!!:):)

    SvarSlett