torsdag 20. desember 2012

Forkle på bestilling

På Julemessa i november fekk eg ei bestilling på tre forkle. Litt hekstisk for tida, men no er dei altså ferdige. Juhuu!  I utgangspunktet skulle alle vere a la dei eg har lagt ut bilde av tidligare, men sida to av dei skulle vere til herre synst eg ikkje det passa heilt med rynka topp og innsnitt så eg tegna og målte litt og kom fram til ei mønster ei meinar passa bra til ein kar...eller to...
 Eg er min eigen største kritikar og neste fiende til tider, men desse vart eg strålande fornøgd med! 
Håper berre ho som kjem å hentar dei i morgon synst det same... :)

Til dame
Nederste delen er i strech partysateng kjolestoff. Kanskje litt råflott for eit forkle, men det var slik det såg ut opp i hovudet mitt og då var det det eg hadde for hand så då vart det slik. 

Synst rett og slett det vart kjempefint, så det så!

2 kommentarer:

  1. Kjempe flotte forkle altså :)

    SvarSlett
  2. Superfine, Tonje! Du skulle sett de forklærne jeg laget før jul... Du hadde ledd deg ihjel ;) klem

    SvarSlett