lørdag 15. juni 2013

Babygåve

Såg at eg hadde heilt glømt å legge ut bilde av delar av babygåva til Selma frå Superjenten.
I tillegg til å kjøpe kjole med tilbehør (ej elska å babyshoppe, spesielt til jenter, he he) måtte eg fikse noko litt anna og personlig.
Ikkje dei beste bilda, tatt med mobilkamera...
2 pk body og bukse kjøpt på Cubus pimpa med litt vinyl.
Det vart litt mykje med Selma-trykk framme på den prikkete buksa så det vart trykt på bak. Vart skikkelig stilig og mottakaren (mammaen) var veldig fornøgd :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar