Endelig har eg fått fullført fleire påbegynte prosjekt...
(Du kan klikke på bileta for å få dei i stort format)
Hekla sitteunderlag
Eg har brukt Artic frå Europris og heklenål nr 5,5.
Kommoden som eg kjøpte på loppemarknad har vore ferdigmåla lenge, men eg fekk ikkje påatt henglsene så der måtte eg ha hjelp av Bonden for å få til ein liten vri...
Fin.
Den rosa knotten er ein messingknott lik dei vi har på kjøkkenet som eg har spraya rosa. Eg ville helst ha ein rosa Rose-knott, men det er ikkje å oppdrive her så det får bli denne så lenge.
Om det er nokon som kjem over ein slik knott hadde eg blitt veldig veldig glad om nokon kune fikse ein slik til meg. Eg betalar selvfølgelig porto :o)
Desse lampane var veldig i tiden då vi flytta inn i 2000...
Sjøl om det er ganske fint lys i dei er det ei god stund sidan dei lyste sist...
Med litt bøy og tøy og zink-spray...
Eg har ikkje limt den fast slik at om eg finn på at eg vil bruke glaset til noko anna er det berre å skru av kransen å trekke ledninga gjennom.
Litt kraftig lys, men skikkelige lyspærer er vist ikkje kolonialvarer lenger...
Dette vart eit litt kjapt innlegg for må eg hastar meg avgarde til Volda på klubb.
Ha ein fin kveld
Så flott den var den sjenken din! Liker så godt slike. Flotte saker du har i hyllene også. Og det sitteunderlaget så deilig ut. :) - TØFF lampe også!!
SvarSlettFlott, veldig fint sitteunderlag og ej elska Norgeslysa!!!! Selvfølgelig ;)
SvarSlettFor ei flotte side du he da Tonje! Her va de masse snadder!! Minna mj sjøl på å ta turen til gjenbruk snart! :)
SvarSlettDen skjenken var verkeleg fin! Ser ut som du er flink til å strikke og:) Smart med sitjeunderlag.
SvarSlettHa ein flott dag!
Klem Anne:)