søndag 4. oktober 2009

Sopptur

Tidligare i dag fekk eg med meg resten av gjengen ein tur opp i skogen bak huset. Dei trudde vi berre skulle på tur, men eg hadde litt andre planar...

Knut Inge og gutane vart fort leide og gjekk ei runde medan eg og jentene plukka sopp.

Ca 2 kg Traktkantarell.
 Ane Marie i full gong med rensking.
Medan eg og Ane Marie forvella soppen øver Katrine på å lære seg å hekle

Litt knoting, men øving gjer meister.

Etter forvelling hadde vi att 800 gr sopp som no er komne i frysaren. Vi plukka på langt nær tomt. Det er faktisk så mykje sopp at vi kan unne oss luksusen av å berre plukke dei største....


1 kommentar:

  1. Kor flott!! Spent på ka som skal tryllast fram på kjøkkenet ta ditta ;) Kjenner lukta ta skog heilt hit...

    Vi rakk ikkje å få noke av traktkantarellane i frysaren i går, -for vi åt knappe 2 kg til kvelds. He he, godt å være glad i å plukke da :)

    SvarSlett