onsdag 11. november 2009

Dilla på brodering

Ihvertfall med maskin. Mi gode veninne Margrethe har lånt meg symaskina si medan ho er på ferie, ei Janome MC 9500. Å du og du så gøy!!!! Her går det unna med julegåver og andre kjekke ting som eg kjem på. Eg boblar snart over av ting eg har lyst å gjere, men døgnet har desverre ikkje nok (fri)timar då eg må vise meg på jobb òg ;o)

Gutane har fått namnet sitt på fleire plagg. Og fleire blir det!

Eg har sydd fleire barneforkle av koppehanddukar. Det er så kjekt!

Alle har same form og nokre får same motiv, men då i ulike fargar slik at ingen skal verte like.
 Alle har sjølvsagt fått brodert namnet sitt på ;o)

 Ein søt og deilig muffin?


På desse har eg teikna av pepperkakeformene frå eit Jul i Svingen bakesett.

Litt meir gutete, fekk ei stjerne i tillegg.
Princess har mange fine koppehanddukar som kan passe til dette formålet.

Eg må berre beklage at det har gått så lenge sida mitt forrige innlegg, men det har si naturlige forklaring med ødelagt minnekort, ein PC som ikkje vil lese eit anna minnekort, ein anna PC eg ikkje forstår meg på osv.
Eg satt forøvrig i ca halvannan time med ein mikro-pc i går for å prøve å poste eit innlegg, men måtte til slutt berre gi opp...

I kveld skal eg på "sy-treff" til Cathrine, det gledar eg meg veldig til.
Om eg kan legge ut bilete av tinga eg syr er eg litt usikker på, då julegåve-produksjonen er i full gong!

Håpar vi "talast" snart :o)



4 kommentarer:

  1. Sjå der ja, hadde ikkje gått i hi på prosjektfronten, nei. Var nesten alvorlig bekymra for dej ;)

    Skal ta vel imot dej med alle julegaveprosjekta i kveld, så skal vi sjå om vi kjem i havn. Du med gaver og ej med kjolekveld :)

    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, hadde begynt å bli litt bekymret her nå :o) Ser no at du har vært produktiv igjen, så flink du er!!! og så mye flott du lager...

    Håper alt står bra til med deg og dine? har ikke en av gutta hatt bursdag? hvordan gikk det? ellers... på gården da?

    Siste nytt her fra er at vi har no endelig kommet oss på Facebook!!! hehe...
    Hils alle, klem fra oss i Brønnøysund :o)

    SvarSlett
  3. Så vakre ting du har sydd! Du er flink:)
    Kjedeleg med datatrøbbel, men no blei eg glad når det kom innlegg hos deg!
    Klem Anne:)

    SvarSlett
  4. Tusen takk for de supre forklærne! Du er så flink, Tonje! Ikke noe problem å låne bort til deg, når man får så bra ting i retur. hehe.
    Takk for koselig overraskelsesbesøk også!
    Klem!!!

    SvarSlett