torsdag 19. november 2009

Heimelekse

Sondre kom heim å kunne fortelle at dagen lekse var baking. Klippekrans skulle han bake. Oj, tenkte eg, det kan bli interessant... -Eg skal bruke ei vanlig bolleoppskrift. Hmmm, er del lov å bruke kjøkkenmaskin Mamma? Eg leita opp oppskrifta på Verdas beste bollar og han måtte leite opp det han trengte.

Meir mjøl?
"Du må berre sei ifrå om eg gjer noko feil" sei han, med heilt vanlig stemme... Eg trudde ikkje mine eigne øyre, men tok meg kjapt innatt og sa at han var veldig flink.

Eit naturtalent, eller nedarva gode genar ;o)
Deiga hadde perfekt konsistens og var super å bake ut. Sondre meinte dei burde ha denne oppskrifta på skulen for der har dei berre slik klisje-deig.

Klipp, klipp.
Fine skrå hakk i kransen.

Og slik vart den

Eg kan ikkje sei anna enn at eg er særs imponert! Guten hinna mor kan om han vil ;o)
Ja, ja sa eg, skal ein bake må ein rydde oppatt òg. Han blunka ikkje ein gong -Kan eg bruke oppvaskmaskina? Æh, trur berre eg vaskar opp for hand. Eg var i ferd med å svare, men ga meg på det... he he.

Sondre brukte berre halve deiga, av resten laga eg 16 store bollar.

Vi måtte sjølsagt smake på herligheita så då vart det klippekrans, bollar og saft til kvelds.
Hurra for sunne matvanar! ;o)



3 kommentarer:

  1. Hei Tonje :o)
    Du må no helse hain å sei at hain så ut som ein proff!!! Kransen ser veldig god ut... Flinke barn som baker pepperkaker også ser jeg. Artig :o)
    Her i heimen er det mannen som baker brød, han e veldig flink til det og da skal han bærre holde på :o) jeg er veldig flink til å rydde!!! *smil..*
    Hils alle sammen, og si til Sander at jeg skal legge ut flere bilder av Bamse... snart!
    Klem fra Mette

    SvarSlett
  2. Wow, flott Sondre!

    Ja, e det noken sak når karane tek over. Her he ej ramla i mellom i det siste, for all baking he skjedd mellom hendene på senior og junior, -og ikkje reint lite som he verte laga!

    Og kanskje kan du få klippekrans fleire gonga ;)

    Klem

    SvarSlett
  3. Så flink gutt du har! Kringla så så lekker ut at jeg fikk lyst til å kaste meg over bakebollen jeg også! Ha en fin kveld videre!
    Hilsen Kardemomme :))

    SvarSlett