lørdag 12. september 2009

Bollar og bollar

Eg beklagar at det har blitt ei heil veke sidan mitt siste innlegg. Eg har vore så oppteken med å pusse og måle tinga eg kjøpte på loppemarknaden pluss litt andre ting som også trengte nokre strøk at eg ikkje har hatt noko å blogge om... Eit strøk grunning og tre-fire strøk oljemåling er desverre ikkje gjort i ein fei. Vanntynna måling passar tempoet mitt mykje betre, men resultatet vert desverre ikkje så fint så då må eg nok berre ta tida til hjelp...
Vi har eit fantstisk Vestlands-vèr om dagen så å prøve å finne på noko ute er desverre ikkje spesielt aktuelt.
Så då må prøve nokre kjekke inne-aktivitetar, som for eksempel å bake bollar.
Jorid i Noe på hjertet hadde lagt ut ei oppskrift på "Verdas beste bollar", ei litt annaleis oppskrift som eg kunne tenke meg å prøve.
*
1 liter mjølk
300 gr smør
250 gr melis
100 gr fersk gjær
ca 1,5 kg kveitemjøl
1/2 ts kardemomme
*
Kok opp mjølk, smør og melis, avkjøl til fingervarmt.
Rør ut gjæra i veska, bland det tørre og elt til ei smidig deig.
Eg hadde så mykje mjøl at vi ikkje trengte å bruke mjøl på bordet når vi trilla ut bollane.
Det kjekke med denne deiga er at bollane skal trillast ut med ein gong, alså inga forheving!
Etterhev i 1 time. Steikast på 250 grader i 7-10 min

Eg hadde mitt svare strev med å skjere opp deiga fort nok då mine gode hjelparar er nokre resarar i bolle-baking. Heile 1 bolle fikk eg trille ut sjøl...
Vi fikk 44 bollar, 28 vanlige/rosinbollar og 16 skulebollar. 
*
Katrine danderte både namn og mønster med melisen på skulebollane. Sølve og Ane Marie var kyndinge kokos-dypparar ;o)
*
Oppskrifta heiter Verdast beste bollar og i fylje Bonden er det dei beste bollane eg har baka.
*

8 kommentarer:

  1. Så deilige boller! Dette så fristende ut. :)

    SvarSlett
  2. Ja, dei bollane er verkeleg fantastiske! Eg har laga dei i fleire år og me blir aldri lei:)
    Ynskjer deg ei herleg helg!

    SvarSlett
  3. Heisan - dei bollane såg veldig gode ut ;)

    Her er det som vanlig travle dager, enda ikkje fått inn alt graset, potetene er der dei ikkje skal vere og kalvene har begynt å poppe ut ;)
    men vi kommer vel i mål i år og tenker eg,

    har dere fått alt i boks eller ?

    smil fra monika
    ps. eg kjenne ikkje etternavnet ditt - fra valldal eller ??

    SvarSlett
  4. Hei!
    Så hyggelig kommentar og få og så flotte boller!!! :-) Så glad for at jeg fant den oppskriften og det er som du sier, verdens beste boller!

    Håper du får en flott uke!
    Klem Jorid

    SvarSlett
  5. Hei på deg :)
    Så godt ut både sjokoladekjeksene og bollene, disse skal jeg definitivt prøve når jeg kommer hjem igjen...

    Vi er no ennå i Budapest, nydelig vær - sol, litt overskyet, men varmt. I går tror jeg det var rundt 28 grader. Har det bare fint, og alt går veldig bra. Hils alle sammen fra oss.
    Klem fra Mette

    SvarSlett
  6. PS!
    Vet ikke hva som skjer, men fikk ikke til å legge inn på noe annet enn anonym!!!
    Hilsen Mette og Rune :)

    SvarSlett
  7. Det må jeg si, så deilig med hjemmebakte boller...hjemme hos meg ble det mest støvtørking, ALT hadde fått et lag med støv på seg, og i dag er det påan igjen....men bare de blir ferdig skal jeg ikke kalge.....Kjekt at jeg kunne minne deg på terminen da...ha ha ha...tiden fyker så jeg får jo nesten sjokk når jeg får opp melding om at i dag er det moms, eller idag er det skattetrekk...

    SvarSlett
  8. Jeg må teste ut den oppskriften, du er den tredje bloggeren som skryter av de nå:)

    Ha en god dag!

    Klem Pink Lady

    SvarSlett