tirsdag 6. april 2010

Første hytteturen

2. påskedag og muligens årets siste skitur… Den gjekk til hytta på Rognestøylen i eit fantastisk påskevèr. Vi har aldri gått inn på ski før (fy skam på oss).
Vi brukte nøyaktig ein time frå vi kjøyrde heimafrå til vi tok av oss skina utanfor hytta, så ca 45 på ski…?
IMG_5159

Bonden måka uteplassen og vi rigga oss til med kaffi, saft og kanel i svingane. Deilig!
IMG_5106
Då eg skulle fyre opp for å varme vatn røykla eg heile hytta… host host… ja ja… etterkvart som røyken ga seg fekk eg godt varm vatn til å vaske litt her og der og røyklukta vart bytta ut med Grønsåpe-lukt.
Bonden fyrte opp grillen og etter at pølsene var fortært grilla (ei form for tørking???) han våte sokkar…

Sølve i farta
        Mellom nokre hytter var noko som kunne likne på ein hopp-bakke med ”landingsplass” på myra. 
                                 Forøvrig fint at den kan brukast til noko fornuftig for ellers er der berre vått…
Sander i farta


IMG_5201
Ikkje at eg er så veldig glad i å vere på bilete, unphotogenic me, men Bonden tok dette, var kanskje ikkje så verst… ;o)

Eg prøvde meg på blogging i Word, men fekk ikkje lasta opp bilete så no har eg lasta ned Windows Live Writer… Ikkje så mange muligheiter som Word, men eg får ihvertfall med bileta… Ser at eg ikkje vert heilt nøgd med LiveWriter heller så eg må forske litt vidare, men dersom nokon har eit tips vedrørande URL-adresse og kilde-URL i Word vert eg svært glad.

Då skal vel dei fleste av oss attende på jobb i morgon. Vi kan likavel trøste oss med at det vert ei kortare arbeidsveke enn vanlig og glede oss til ei ny helg.
Ynskjer deg ei god veke!
 
Klem Tonje

5 kommentarer:

  1. Ser ut som en herlig påsketur!!!Digger tøfflenne i forrige innlegg!
    Klem,Janne

    SvarSlett
  2. Dokke he no hatt en kjempeflotte dag der framme! Dokke må vere flinkare å gå på ski fram ja ;-) heldige so he hytte då!!

    SvarSlett
  3. Ser ut etter bildene å dømme som du har hatt drømmepåsken. For et herlig vær dere har hatt.
    Takk for den koselige kommentaren inne hos meg, Tonje. Setter pris på slike. Klem fra Elin:)

    SvarSlett
  4. Hei Tonje
    Rognestøylen…. Ja, her har jeg faktisk vært en del ganger, men ikke når det var så mye snø… Så utrolig flott natur! Herlige bilder av Sølve og Sander, ser ut som de har det kjekt :) Flinke er de i alle fall…. Og Bonden trives ser jeg, kjekt å sjå`n lenge siden sist nå kan du hælse han å sei … – ser ut som han trives på fjell han og ;) Ønsker dere alle en riktig fin helg, og hils kjent folk. Klem fra Mette

    SvarSlett
  5. Hei Tonje
    Jeg har en pokal award til deg inne hos meg, hvis du vil ha :) Ønsker deg en fortsatt flott kveld videre. Klem fra Mette

    SvarSlett