onsdag 21. april 2010

Veske produksjonen...

til Nilsbuda er i full gong.
Denne er heilt ferdig :o)
Nydelig broderi om eg skal få sei det... Grått for og rosa skråband. Veldig nøgd med resultatet!

Nilsbuda var ein gong i tida ein butikk på Sæbø. Eg kan så vidt hugse den frå då eg var lita. No har ein gjeng funne ut at dei vil opne denne butikken att.  Denne gongen som ein somarbutikk med varer frå lokale kunstnarar, i alle slags former. Eg meldte meg sjølvsagt på! Eg var ikkje med frå starten av så ryddinga fekk eg ikkje vere med på... Men litt ting og tang låg att i den gamle disken og dei to store skriveborda som står i lokalet. Himmel så gøy! Else fann til og med ei halv 20 pakning Teddy med filter etter mannen sin. -den kasta ho ikkje. Den gamle renseriboka... kjempe artig. No har vi måla heile lokalet og ting byrjar og ta form. Dette er eit kjempespanande prosjekt som eg håpar eg får delta mykje i!

To halvferdige vesker

Den grøne har svart for og skal få turkis skråband rundt kanten. Det hadde dei sjølvsagt ikkje på butikken i Ørsta og Cathrine hadde ein plan for det som ho hadde att så det må nok vente til eg får lagt inn ei bestilling på S&S. Babuskaen manglar "alt", den skal få lilla for og marineblått skråband rundt kanten. Tenkjer dei vert veldig fine. Skal sjølvsagt lage fleire, men om dei vert heilt like veit eg ikkje enno, same but different...?

Handlenett men lokale motiv
Laga i lerret, bilete er printa ut speilvendt på t-shirt transfer og stroke på.
Motivet er frå Rognestøylen (som i forrige innlegg) mot Bondalsbakken.

Og meir skal det bli...
No må eg forøvrig prøve å fokusere litt meir på den komande store begivenheita her i garden, nemmelig konfirmasjon. 2. mai skal Sondre konfirmerast... Jepp. Lisje vennen hinna mor... he he med skjegg og grov stemme... Selskapet skal haldast på Rekkedal Gjestehus, men sjølv om vi kjem til duk- og dekka bord er det likavel ein del ting som må ordnast.
 
Akkurat no sit eg her
Dette er kosekroken på syrommet mitt. Eg er så heldig å ha eit syrom på 20 kvm! Her sit eg og lagar broderi, tenkjer og skriv og teinar idèar i boka mi. Rett og slett berre kosar meg. Godt å varmt med saudeskinn å sitte på. Og med laptoppen på fanget treng eg ikkje teppe... ;o)

Håpar det ikkje vert like lenge til vi bloggast att, men her går det som sagt for full rulle...

4 kommentarer:

  1. Så nydelige vesker, veldig flink du.
    Har desverre solgt symaskina mi, heldigvis bare til min
    mor så jeg kan jo bare låne den igjen. Har så mye jeg har lyst til å sy. Blir så imponert over alt det fine dere lager her i blogglandia.

    Lykke til med konfirmasjonen. En koselig dag. Har to år igjen jeg til jenta mi skal i ilden. Det går fort. Ikke lenge siden jeg fikk henne....

    Ha en fin dag i kose kroken din.

    Tove

    SvarSlett
  2. Flott! Kor ej he gledd mej til å sjå!! :)

    Desse går nok unna, vert ikkje mykje fri no framover ;)

    Klem

    SvarSlett
  3. Så flotte veske du laga Tonje!!Kjekt å sjå kva kreative, flinke jenter styra med;)Gler mej til Nilsbuda opna!!

    Klem frå Anne Åse:)

    SvarSlett
  4. Flinke Tonje, trur eg må sikre meg ei sånn veske til sommaren. Lykke til med konfirmanten!!!
    Haldisfm

    SvarSlett