fredag 8. april 2011

Prikkete stjerne

Puh! Allereide 8. april før eg greier å lage månadens fyrste innlegg. Ja ja, slik er det berre. Vi har i tur og orden hatt verdas verste omgongssjuke, Sander har fylt 10 år (lissje Prinsen hennar mor...) og eg har knappast fått prøve mitt nye vidunder. Fyrste kjolen sydd på mi nye maskin har eg kalla Prikkete stjerne (wow, så orginalt...knis)
Spencer-kjole sydd i mjuk rosa babycord med små tykte blomar. 
 Øvste delen av kjolen er fora med eit naturkvitt bomullsstoff med vinraude prikkar.
Stjerne-applikasjon i same stoff som foret.
Kjolen er i str 2 år og ligg for sal i Epla-butikken min.

Slik ser forøvrig 10-åringen min ut når han oppdagar kva Morfar har i bagasjerommet
 Ein splitter ny STOR sykkel!
Han måtte sjølvsagt straks på ei lita prøverunde. 
Mora likte forøvrig svært godt det fyrste spørsmålet; Kvar er hjelmen min? 
Gode guten min :)

I dag har eg sendt han avgarde på si fyrste handballturnering med overnatting og han skal vere vekk heile helga. Kjenner at det satt litt longt inne, men beskjeda var klar, eg fekk ikkje vere med! Neste gong Mamma... Vi skal avgarde å vere heiagjeng på kampane i morgon, men kjenner likavel suget i magen over at eg ikkje har kontrollen. Dei veks til...gulp ;)

4 kommentarer:

  1. Hei Tonje, og gratulerer med vel overstått ღ både til deg og Sander ღ Herlig å sjå bilder, og så stor han har blitt siden sist vi så han – og kjekk en gutt du har der ;) De vokser fort, kan tenke meg hvordan det var å sende han av gårde på overnatting – sikker ikke lett det der… Du må no hilse alle gutane dine fra meg og si at vi tenker no på dere :) Flink du er også, nydelig kjole du har laget – gøy å se… Ønsker deg en fin, fin helg – kos deg masse, stor klem fra Mette

    SvarSlett
  2. Hehe, hadde som ei tru på at du hadde sydd noke til dej sjølv da ej såg øverste del av første bilde. Eit lite sommerskjørt eller noke... Men det var visst til ei søt lita tulle ;)

    Flott å sjå verda uten mammaauge nokre gongar, -i alle fall når du kan være trygg for at han he det bra! Ha ei strålande helg med resten av gutane :)

    Klem

    SvarSlett
  3. Gruer meg allerede til dagen kommer og man skal sende dem avgårde ut i den store verden... Huff kor gammel man må bli før man innser korsen foreldrene våre hadde det.. Og æ som dro en måned til England sommmeren før æ ble 16 og bare ringte hjem EN gang den måneden... Ikkje fra nett eller mobil, men tlfbox med mynter! Fin kjole du har sydd;-)

    SvarSlett
  4. Ja tida går Tonje - men det er no godt at han vil vere sjølstendig og ikkje henge i sjørta hennar mor. Naturens gang det:-))

    God helg

    SvarSlett