lørdag 9. mai 2009

Greina mi

Då har geina mi fått ny pynt (i går). Desse fuglane såg eg første gong hjå Huset ved bekken, ho hadde henta inspirasjonen sin frå den danske designeren Rie Elise Larsen. Ho designar òg det kulaste papir, men eg har ikkje funne det så eg har brukt papir frå Tilda.
Under denne greina står omnen vår, så når vi fyrer "flyg" dei. Også har eg hengt oppi mange prismer som glitrar fint.
Må berre beklage kvaliteten på bileta, men forma er ikkje heilt på topp så eg knipsa to bilete og det vart med det...
Håper alle har ein betre laurdag enn meg!

1 kommentar: