søndag 3. mai 2009

Konfirmasjon

I dag har vi vore i konfirmasjon til Esther og Oline i Dalsfjorden. Dei vart konfirmert i nasjonaldrakter frå Grønland. Fargerike drakter med flotte detaljar og eit fantastisk perlebroderi. Detaljar frå perlebroderiet.

Til selskapet skifta dei til Sunnmørsbunad.

Eit ekte sunnmørsk kakebord

Vi var ca 30 personar og av desse var 8 born under 12 år... Det var tilreisande frå Grønland, Danmark og Bergen i tillegg til nærområdet Ørsta, Volda og Hareid. Vi har alle hatt hadde ein kjekk dag ilag med familie og venar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar