tirsdag 15. desember 2009

Ein liten lyd...


Det er smått med lyd frå meg om dagen. Ettermiddagane fyk avgarde og eg tenkjer snart med skrekk og gru på at det er halvannan veke til julafta... Vi gler oss sjølvsagt, men det er så mykje eg føler eg ikkje rekk. Bonden har heller ikkje sett stort av meg. Når eg endelig er heime er eg stor sett å finne på jenterommet. Her durar symaskinene i stereo, men eg kan desverre ikkje vise noko særleg då det aller meste er julegåver.

I dag har eg faktisk sydd noko anna. Det var ikkje akkurat lysta som drog, men gutane skal vere med i julespelet på skulen og dermed må dei ha kostymer. Her heng dei, fiks ferdige hyrdekapper.

Sydd i brun lerret.

Då eg tilbring mykje av kveldane mine på jenteromet byrja eg å irritere meg meir og meir over sprossene på vindauga. Kvite karmar og lister, og trekvite sprosser...

Vel, det har eg no gjort noko med.
Etter møtet med ei sprayboks frå Europris og eit par timar til tørk vart resultatet upåklagelig.

Dagslyset forsvann i løpet av desse timane...
Nyvaska vindauge og kvite sprosser, mykje betre!


Ynskjer alle ei deilig førjulstid utan for mykje stress!





3 kommentarer:

  1. Hei Tonje :o)
    Jul blir det uansett, hvor mye eller lite man har fått x av på listen... Phu!!! i dag blir det baking av brød, rundstykker og peppekakehjerter her heime. Ser du er produktiv og flink som vanlig :) flotte hyredekapper, håper å få se noen bilder fra julespelet. Fint ble sprossene også, ja det er disse småtingene som tar tid! Ser også at dere har fått snø... litt lysere ute da og kjekt for barna. Du får hilse alle samme så masse og ha en fortsatt fin uke. Klem fra Mette

    SvarSlett
  2. Fantastisk ka litt maling gjer, trallala !!! E veldig spent på desse julegavene ;)

    Og det e inga sak med julespel når mor syr :)

    SvarSlett
  3. Hei, og takk for besøk på bloggen min - så koselig at du fant frem til meg :o)

    Nå går dagene for mot jul - bare helgen og en arbeidsdag igjen før jeg drar "hjem" på juleferie - gleder meg masse!!!

    Ønsker deg fine dager frem mot jul!

    Klem fra Hildegunn

    SvarSlett