søndag 27. desember 2009

Seigemannar

Eg lagar alltid heimelaga seigemannar til jul. I år fekk eg god hjelp av Katrine.

Her har ho fått skikkelig dresien på det.
Vi laga dei i fem forskjellige fargar og smakar. Grøn/eple, gul/banan, oransj/appelsin, rosa/bringebær og raud/jordbær.

Oppskrift:
1 kg sukker
5 dl vatn
100 gr gelatinpulver
2 ts sitronsyre
ca 5 ml smak
Farge
(eg brukar Wilton)
Fint strøsukker

Bland sukkeret med 3 dl vatn og kok opp. Løys opp gelatinpulveret i 2 dl lunka vatn over vannbad, og hell det over i sukkerlaken. La det småkoke i 15-20 min. Tilsett sitronsyre.
Eg heller blandinga opp i ulike skåler etter kor mange smakar eg vil ha før eg tilsett smak og farge. Eg brukar gamle sjokoladekalendarformer spraya med litt formfett til mine seigemannar, ca 10-12 brett til ein porsjon. Etter at eg fann ut at eg kunne bruke store sprøyter i staden for tskjei går det rimelig kjapt. Dei bør stå eit par timar til stivning. Ta dei ut av formene og rull dei i strøsukkeret. Dei kan gjerne ligge ei lita stund å lufttørke, då får dei ei litt sprø skorpe. Ha dei over i fine glas.

Eg gir gjerne vekk nokre glas til jul


Ho slektar nok litt på far sin denne kjella (han er kokk) for når hø først var i gong var ho ikkje til å stoppe.

Ho laga 3 brett med kokosmakronar og pynta ein heil haug med peparkaker. Ho er ein resar med sprøyteposen så kanskje eg anar ein konditor-spire ;o)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar