mandag 28. desember 2009

Litt jul


Eg trudde eg skulle få så god tid til både å blogg og diverse anna no når eg har hatt fleire dagar fri, men den gong ei. Kvar dag har krevd sitt og på kveldane har eg våre stuptrøyt. Det tek på å ha fri ;o) No derimot burde eg ha sove for lenge sida då eg skal på jobb i morgon (i dag), men no får eg ikkje sove...

Sølve gjekk å knipsa litt på julafta.
Litt skjeivt, men eg tykte dette bileta av juletreet vårt vart ganske bra.

Vi stappa opp-under det vi greidde av gåver, men det var ikkje plass til alle...
I vår familie har vi alltid hatt tradisjon for å gå rundt treet. Det tykkjer eg er ein fantastisk ting som eg tek vidare til mine born. Dei imponerar stadig med eit stor reportoar av julesongar med x-antal vers.

Av dei store hittane kan eg vise Sander som bygger lego

Denne båten har han ønska seg i to år, jett om han vart glad! Han fekk nokre sett til, dermed var han okkupert heile kvelden og heile 1. juledag med legobygging. Lykke!

- og Sølve som fekk seg skjær til traktoren sin.

Han har pløgt alle vegane våre og jublar over at det snøvar ute igjen.
  Bilete av storebroren vår har vi desverre ikkje då han hadde Pappa-jul i år.

Eg vil ynskje alle ei fortsatt god jul
og håpar det ikkje vert så lenge til neste gong med "snakkast"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar