fredag 12. juni 2009

Helg...

Då eg glømte å stoppe på blomsterbutikken i dag
(ja, det går faktisk an) måtte eg ut finne...
I ei grøft plukka eg desse:
Rosa og kvite til skjenken på stova og blå-lilla til kjøkkenet.
Ein bonde kikka rart på meg då eg vada meg ut i grøfta med gras til knena i høljeregn, men skal enn ha så skal enn ha... For å trøste meg i dette trasige veret kjøpte eg meg ein ny pute frå A.U. Maison. Lekker!
Måtte kjøpe meg eit blad til helga også. Nytt Maison er akkurat komt i salg så det vart det denne gongen.
Gledar meg!
Etter vèrmeldinga er det Bergen som er staden å vere i helga. Det skulle eg gjerne ha vore, men sjøl om regnet knappast tek ei pause må våonna takast uansett...
Då skal eg få med meg siste episode av Mord og Mysterier.
Ha ei fortreffelig helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar