mandag 1. juni 2009

Litt frå Pinsa

Med det deilige vèret vi har hatt her i Pinsa måtte vi eit par turar til badestranda. Vatnet var nok litt kaldare enn Gutane hadde berekna, men dei bada og kosa seg ilag med venane sine. Eg kosa meg med blad og damer. Ein liten dukkert vart det på meg også, kaldt ja...men ein liten symjetur greidde eg. Bonden bada derimot ikkje! He he...
Nokre turar på hytta har det også blitt. Eine dagen grilla vi ilag med Besta og Besten. Den andre dagen var vi der åleine så då fikk eg klipt "plenen" og beisa eit vindauge, berre resten igjenn ;o)
Sølve kosar seg under teppet.
For dei som skal tilbake på jobb i morgon vil eg berre ynskje ei god arbeidsveke.
Eg, derimot har fri ein dag til.
Den skal eg nyte i fulle drag, fint vèr eller ikkje for resten av huset skal på jobb og skule.

Må berre beklage for utsjånaden på dette innlegget, men eg fekk ikkje flytte på bileta eller lage det til slik eg ville...

2 kommentarer:

  1. Ser ut som dere har hatt en koselig pinsehelg,
    Koselige bilder hos deg
    Kos deg på din ekstra fridag

    SvarSlett
  2. Jammen er det modige gutter som allerede har tatt sitt første bad,
    ikke ti ville hester hadde fått meg uti.

    SvarSlett