onsdag 24. juni 2009

Lite med...

blogging for tida, men her kjeme litt oppdatering.Denne Rhododendroen på Raudøya er stor som ei lite fjell!
Der var til og med modne Blåbær!
Josokfeiring på Rekkedalskulen.
Bålet vårt varma godt.
Det har vel blitt ein tradisjon siste åra at me lagar til feiring her. Før var nokre her og nokre der, no samlast alle her og det er veldig kjekt både for store og små. Som ein kan sjå på bilete kom det ikkje dråpar frå himmelen denne dagen i motsetning til maaange andre feiringar ;o) Det vert spennande å sjå kvar vi endar opp neste år for bygget er nemmelig til salgs...
Eg gjekk å plukka (nesten) resten av Rabarbraen i dag. Det vart ein stooor balje, så her blir det mykje godt!
Veit egentlig ikkje heilt kva eg skal bruke alt til så er det nokon som har ei god oppskrift å kome med tek eg gjerne imot :o) Då var sommaren komt til Rekkedal og ungane har starta på sommarferien sin. Dei ser helst at mora òg tek ferie, " du kan no berre snakke med han Morfar Mamma". He he, hadde det vore så enkelt... ein dag her og der kan vi likavel kanskje greie å få til... Nyt dagane i sola!

3 kommentarer:

  1. Så kjekt å sjå bileter frå Raudøya!!! Vi går deilige sommardagar i møte no, og gjengen her i huset kjem nok til å tilbringe ein del tid på Raudøya, i år som alle andre år. I dag er det fotballskule, så no har dei to eldste kledd seg og er klare til å reise!!!

    SvarSlett
  2. Der, ja! No he ej nesten lurtpå om du he fått bloggtørke ;) Ej veit om ein drøss med rabarbra""oppskrifter" (e nå litt på slump, da veit du). Spørs om ej fe ta å legge ut ei dessertoppskrift ei ta dei næraste dagane. Den e herlig!!! Og det e raudøya også, takk for at dokke vart m på laurdag. D va kjekt!!! Klem

    SvarSlett
  3. Her er også sommeren kommet for fullt, og det er fantastisk. Skal bli godt med noen fridager nå, for det blir ganske så hett på kontoret i løpet av dagen, så jeg er helt ferdig når dagen er omme....Ha en fin sommerhelg!

    SvarSlett