torsdag 16. juli 2009

Den første tanna...

er i dag felt.
Han mysta den faktisk i bassenget på campingplassen då han skulle hoppe frå kanten...med snorkel. Ikkje oppdaga han det heller, men blodet "sila" så vi tok han diskret på land. "Hm, he ej mysta tanna...jaja, kar den e hen da?" Ja, sei det......ein plass i bassenget...
Det var berre å ta på seg dykkermaske og snorkel å byrje å leite...Vi snorkla rundt ei lita stund og jammen meg fann han den ikkje! For ein utruleg flaks! Også veldig kjekt at det var han sjølv som fann den og ikkje eg... Tanna er no trygt plassert i eit eggeglas på kjøkkenbenken på hytta så då gjenstår det berre å sjå om Tannfeen òg er i Danmark... (I fylgje Tove er han særs gåvmild her...)

2 kommentarer:

  1. Stor stas med den første tanna , og så herlig sjarmerende de er ungene.
    Har du fott med deg min andre trekning som går til august
    Klem

    SvarSlett
  2. He he - det var da bare utrolig godt gjort å finne igjen tanna!

    god sommer! ;-)

    SvarSlett