torsdag 23. juli 2009

Sylting

Jordbær og rabarbra med vaniljestang har blitt eit av mine favoritt syltetøy. Sist laga eg berre av to kilo bær, så det varte ikkje lenge... I dag brukte eg 3 kg jordbær, 3 kg rabarbra, 2 vaniljestenger, saft av ein sitron, 3 pk blå Jam og 2 kg sukker.Eg hadde kjøpt 5 kg jordbær så dei siste to kiloane rørte eg med 500 gr sukker og ein pakke blå Certo. Det vart perfekt kosistens!
Det vart tilsaman 16 og eit halvt glas Jorbær/Rabarbrasylte i varierte glasstr og 6 beger og 3 glas med rørt jordbærsylte. Kjenner at eg gledar meg til å smake, gjerne med nysteikte sveler... Skal tru om vi har i heile vinter...tvilar sterkt, men det vert nok meir syltelaging utover hausten tenkjer eg. Så då skulle eg berre hatt eit ekstra kjøleskap til oppbevaring..

2 kommentarer:

  1. Guri for eit deilig lager av godsaker du har fått deg. Eg har aldri smakt jordbær og rabarbrasyltetøy, men det høyrtes herleg ut.

    Og sveler - det har eg berre smakt ein gong og likte det kjempegodt. Legg gjerne ut ei oppskrift med teskjeiforklaring.

    SvarSlett
  2. Så mye godt syltetøy du har laget; du er flink. Gratulerer (eller slitan som vi sier i Bergen) med både ny sykkel og bil, de så lekre ut begge to. Fortsatt god sommer. Klem fra Jannicke

    SvarSlett