søndag 26. juli 2009

Tur i Olavshola

Eg har lenge snakka om at eg ville at vi skulle gå i Olavshola, og i dag vart det. Sjøl ikkje Bonden som er fødd og oppvaksen her har vore der nokon gong så i ein alder av 35 år var det vel på tide...
Vi hadde fleire blåbær-stopp på veg opp.Sølve nytta seg av "Skjenkeretten"
Då vi kom til toppen skreiv vi oss inn i boka og fylde råsa eit lite stykke til innover. Men kva er det vi ser her? Eit lite vindauge midt i ein haug av mose og stein... Dette måtte vi sjekke ut nærare.
Ei lita dør og ei pipe...
Det var ei lita hytte. Vi gjekk inn, der var også ei bok vi kunne skrive oss inn i. Gutane tykte det var stas med ei slik hytte og ville med ein gong at Bonden skulle lage dei ei slik når vi kom heim. Sannsynleg... :o)
Hytta var laga av Anders Hustad i 1984. Eg forsto det slik at det er ein hellar som han har "kledd inne." Koseleg var det i alle fall. Vi gjekk tilbake og ut på utsikta. Vi hadde stoppa på bakeriet før vi drog og hadde med dagsferske Timper, Skulebollar og Rosinbollar. Deilig...
Her satt vi og kosa oss med bakverk, vatten og utsikt over bygda vår og Hjørundfjorden.
Det fins fleire segner om korleis denne hola vart til. Bilete under er lånt frå Hjørundfjordportalen
Ei fortel at heilag-Olav laga gryta for å verne Hustad og kyrkja som sto der. Han sette seg inn i fjellsida, sett ventre handa og skona på motsett sida av Bondalen og spendte frå så godt han kunne. Slik vart Olavshola, Skondalen og Nevedalen laga. Ei anna fortel at trolla var etter Heilag-Olav. Han laga gryta då han steig tvers over dalen og reiv ut eit stykke av fjellet der. Det vil seie at då Heilag-Olav tok sats frå Skondalen og skulle hoppe over på Storhornet var ikkje hoppet heilt vellukka. Ei tredje segn fortel at Heilag-Olav hadde hest. Han sette av frå eit fjell til eit anna. Målet var på 1000 alner og i fjellsidene ser ein merket etter spranget. Fleire segner frå Hjørundfjorden kan du lese her.

2 kommentarer:

  1. Flott!! Kjempekjekk tur :) Va nok på tida at den innfødde fekk sjå den utsikta, ja ;)

    SvarSlett
  2. Denne turen så bare helt nydelig ut, flotte bilder og den utsikten da!

    Han fyren i speilet får bare takke seg selv..*fnis*

    Ha en fin kveld..
    klem

    SvarSlett