onsdag 22. juli 2009

Vel heime

I går kjørte vi frå Vänersborg og heim. Det vart ei veeeldig lang etappe, 837 km ifylje Google maps. Vi stoppa å handla i Charlottenberg ellers var det verre nokre få pitstop. Sjøl om det var litt bråk i baksetet må eg vel kunne seie at ungane var nærast eksemplariske.
Det har ikkje blitt så mykje shopping som eg hadde håpa på, men noko har eg fått med meg. Desse kunne eg ikkje gå ifrå på ein blomstermarknad i Fredericia. 4 nydelige Dronning Ingrid til 20 kr stykke måtte verte med heim til meg.
No prydar dei glaskarmane i stova.
Dei rosa blondegardinene eg kjøpte på KID i Charlottenberg er òg komne opp. Lurer på om Bonden kommenterar... Men eit av dei kjøpa eg er mest nøgd med på heile ferien gjorde eg i Charlottenberg. Etter å ha leita på alle stadane vi har vore innom i løpet av heile ferien fann eg altså desse, på siste stoppet
Eit par Calou Knyta! Eg ville helst ha dei i lys brun, men det hadde dei ikkje så då vart det rosa...bombe! ;o) Ellers har eg fått med meg ein stor hjarteforma bakebolle frå Lisbeth Dahl som eg trur eg kjem til å bruke veldig mykje, to blomsterkrukker i pressglas, fleire marmeladeglas, litt stoff, nokre lys, litt frå Ikea i Malmø og litt meir dill...Derimot kun ein ny lattekopp frå Green Gate. Eg hadde på førehand sjekka kvar eg kunne finne dei forskjellige forhandlarane, men det til dårlig nytte då dei eg var innom hadde særs lite utval. Den eine koppen eg fekk, kjøpte eg på ein butikk som ikkje sto på lista... Ja ja, betre lukke neste gong... i Bergen kanskje...om dei tek imot besøk ;o) Og då var vel alle samde om at det var ein gild tur... Då trur eg eg må tøme resten av bilen og sjekke kontoen før eg tek meg ein tur til Ørsta. Me sjåast!

3 kommentarer:

  1. Hei, Tonje
    Første gangen jeg er innom bloggen din. La meg til som følger og blogglisten min, så kommer jeg tilbake til deg. Fine ting du har kjøpt; slitan. Ønsker deg en fin sommer videre. Klem fra Jannicke

    SvarSlett
  2. Very nice shoes!!! Dei va absolutt verdt heile turen ;) Litt misunnelig (hadde dei vore ein knall-farge, selvfølgelig)

    SvarSlett
  3. Du må berre ikkje våge deg nær meg med dei treskoa!!!! Eg kjem til å vere så misunnleg at tårene sprett!!! Leita etter dei i DK, men var ikkje å finne. Trur eg må finne ein nettbutikk og bestille meg eit par. Men du, er dei gode å gå i? Sjølv for meg som kanskje har litt høg rist???

    SvarSlett