torsdag 20. august 2009

Nye Lattekoppar...

frå Green Gate sin nye haustkolleksjon! Å reise til "bya" med shopping-moduset på -veldig god kombinasjon!
Desse kjøpte eg på LiveIn i Ålesund. Eg trur faktisk aldri eg har vore inne på den butikken uten å kjøpe noko. Cloè og Paisley, nydelige! Kjøpte også tilhøyrande serviettar. Eg er ikkje spesielt glad i grønt, men den grøne Paisleykoppen var faktisk veldig fin, den raude var litt "bråkete" så den kjøpte eg ikkje. Ihvertfall ikkje denne gongen... Basilikumoljen frå Oliviers & Co greier eg meg nesten ikkje uten. Fantastisk god i all mat...nesten. Ein ny halvliter klar til bruk ;o) Eg kjørte ens ærend for å besøke butikken Emmas Verden i Langevåg. Den butikke er vel verdt eit besøk, eg skal ihvertfall tilbake! Eit slikt saltkar har eg ønska meg lenge, dermed vart det med heim, pluss litt til... Kjøpte også siste utgåve av Jeanne d`Arc Living, mmmmm...
Ny golvvask frå Maison Belle kjøpt på Tante Bruun. No skal det lukte godt i heimen til helga...eller ein annan dag det passar meg å prøve den... ;o)
Var også ein tur innom Herlighet. Der kjøpte eg det skjønnaste sengetøy. Småblomstrete i blå og rosa sarte fargar men lyseblått mellomverk.
Då er det vel tid for kvelden. I morgon (idag) er det skulestart for 1.-3. klasse og Bonden reiser til Førde eit par dagar så eg og gutane skal kose oss heime åleine. I helga blir det fult kjør med Tinefotballskule på Legene så her er det berre å lade opp. Ha ei fantastisk opplading til helga!

2 kommentarer:

  1. Grattis med nye gg-lattekopper. De er superfine!
    Gleder meg til den nye kolleksjonen kommer hit hvor jeg bor.

    Ha en fin dag!
    Beate

    SvarSlett
  2. Så mye fint du har kjøpt. Deilig med nytt velduftende vaskemiddel. Ha en fin dag. Klem fra Jannicke

    SvarSlett