tirsdag 18. august 2009

Stølsturen 2009

Søndag tok vi turen til Auresætra i Sykkylven. Kvart år arrangerar dei Stølsturen 2009. Ei stølsmesse med utstilling av kunst og handtverk av ymse slag. Det gutane tykte var kjekkast var utstilling av alle dyra.
Dagens middag, rjømegraut. Sølve sin store favoritt!
Sander har aldri holdt ein høne før...
Kalvar har vi heime òg. Denne var to dagar gamal av typen Vestlandsfe (Gråkolle). Sander strekte ut handa og den tok tak med ein gong...
Sølve måtte også prøve. Dei fekk prøve å ride på hest. Sander var litt skeptisk, men viste seg å stortrivast på hesteryggen.
Sølve som i utgangspunktet var superklar vart noko skeptisk...
ok, litt bedre, men det snart ferdig sant?
Kjerretur
Auresætra har ein stor somarfjøs. Vi har no for andre året sendt nokre av dyra våre på somarferie her. Så noko av grunnen til at vi tok turen var for å sjekke ferieforholda...
Dei med grøne halsband er våre. Tre av dei er på dette bilete. To brune og ei svart og kvit.
Kva skjer når Bonden ropar?
Dei røyser seg, rautar og kjem gåande mot oss. He he, dei kjenner att stemma til Bonden. Skal tru om dei vil heim no? Denne turen kan vi virkelig anbefale, kjempe kjekt! Vi skal definitivt tilbake neste år :o)

4 kommentarer:

  1. Ser ut som en flott opplevelse både for barn og våksne .Koselige bilder og hyggelig lesing.
    Ha en fin tirsdag
    Klem

    SvarSlett
  2. Kor kjekt! Godt dokke for,ja :)

    SvarSlett
  3. Fine bilder og kjekke gutter :o)
    Hils dem så masse fra oss.

    Klem fra Mette

    SvarSlett
  4. Ser ut som at dere hadde en flott opplevelse; kjekt for dere. Ønsker dere en fin uke og lykke til på skolen. Klem fra Jannicke

    SvarSlett