søndag 2. august 2009

Design*Sponge

I dag har eg hatt Kristina og John Olav, Mamma og Pappa til middag. Lasagne, salat og Fucaccia-brød. Herlig, men rakk ikkje å ta bilete før maten forsvann... Til kaffi/dessert hadde eg laga Sitronkake men valmuefrød. Den er berre god! Alt fekk heldigvis bein å gå på :o)
Men over til Design*Sponge. Kristina viste meg denne nettsida, fantastisk! Eg har berre blada meg kjapt gjennom ein liten del av den, men forstår det slik at kreative skjeler kan få publisere prosjekta sine her. Hundredevis av før-og etterbilder, trendar, idear og mykje meirYes please... I staden for belegningsstein kan ein kanskje dekorere asfalten, muligens slik
I staden for å tapesere ein fondvegg, kan dette vere eit alternativ Ikkje at eg er så glad i grønt, men utrulig kult likavel. I ein anna farge...Rålekkert!
Der er mange forskjellige kategoriar, også mat...
Desse vil eg prøve meg på. Sjokolademuffins med espressosmørekrem, need I say more...? ;o) Med andre ord, denne sida er verdt å bruke litt tid på! Enjoy ;o) I morgon er desverre ferien min over for i år og eg må tilbake på jobb. Når skal eg vinne alle Miliardalappane mine så eg kan ha ferie heile året å berre styre med det eg har lyst til?

2 kommentarer:

  1. Så spennende ut det der, skal titte innom i løpet av natten . Smått med søvnen skjønner du.
    Ha en fin morgendag
    Klem

    SvarSlett
  2. nam nam her var det mye som så godt ut :)
    hihi ble skikkelig fristet..
    sov godt!
    Nattinatt!

    SvarSlett